Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Bilde fra arbeidsgiver

Spesialergoterapeut/ergoterapeut

Helse Førde

  • Søknadsfrist 09.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Spesialergoterapeut / ergoterapeut

Ergoterapi og velferdsteknologi ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % fast stilling som spesialergoterapeut/ergoterapeut.

Vi søkjer ein engasjert og motivert ergoterapeut til ei fast stilling med oppstart i september 2026.

Seksjonen har eit breitt ergoterapifagleg nedslagsfelt og leverer tenester både til sengepostar og poliklinikkar ved sjukehuset. Vi følgjer pasientane gjennom heile behandlingsforløpet og er ein viktig del av det tverrfaglege samarbeidet.

Seksjon for Ergoterapi og velferdsteknologi er organisert under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR).

Om arbeidsplassen
Ergoterapiseksjonen består av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som legg stor vekt på:
- kvalitet
- fagleg utvikling
- kunnskapsbasert praksis
- kontinuerleg vidareutvikling av tenestene våre

Vi arbeider målretta for å gi pasientane eit godt og tilpassa tilbod.

Hos ss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit utviklingsorientert miljø med høg fagleg standard. Vi tilbyr gode moglegheiter for læring, fagleg påfyll og høve til å påverke eigen arbeidskvardag.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene i stillinga er varierte og spenner breitt innan ergoterapifaget. Du vil arbeide både ved FMR-poliklinikken og innan handterapi, og vere ein aktiv deltakar i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasientane.
  • Ved FMR-poliklinikken vil du arbeide med kartlegging, vurdering, tiltak og oppfølging av pasientar med muskel- og skjelettplager.
  • Vurdering, behandling og oppfølging av pasientar med handskadar, inkludert ortosetilpassing.
  • Det kan vere aktuelt å bidra i fagutvikling, kvalitetsarbeid og tverrfaglege prosjekt i avdelinga. Det må påreknast at ein tek andre oppgåver etter behov, i tråd med seksjonen sine prioriteringar og utvikling.
  • Du blir ein del av eit fagleg fellesskap på åtte ergoterapeutar og vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon ergoterapeut
  • Høgskule/universitet, diplom og bachelorgrad
  • Det er ønskjeleg med erfaring eller praksis frå sjukehus
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter deg med gode samarbeidsevner, evne til å jobbe sjølvstendig og med fleksibilitet til å ta nye oppgåver på kort frist.
  • Personlege eigenskaper blir tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt tverrfagleg miljø, med gode kollegaer og spennande arbeidsoppgåver
  • Ein utfordrande og variert jobb, nært samarbeid med andre faggrupper og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Ergoterapi
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Ergoterapeut
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Eroterapi, Ergoterapeut, Muskelplager, Skjelettplager, Ergonomi

Helse Førde logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Susanne Nakken Olsen
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar Ergoterapi og velferdsteknologi
  • Mobil: (+47 )99 25 34 50
Send SMS
  • Bli kjent med HELSE FØRDE HF
  • Flere stillinger fra HELSE FØRDE HF

104 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
HELSE FØRDE HF logo

HELSE FØRDE HF

Bli kjent med Helse Førde HF
Hjemmeside

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469262163
  • Sist endret 8.7.2026, 13:37
Rapporter annonse