Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss

Rekneskapsførar

Økonomikontoret Voss AS

  • Søknadsfrist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Vi søkjer rekneskapsførar – gjerne statsautorisert

Ønskjer du ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og triveleg fagmiljø?

Me ser etter ein engasjert medarbeidar som ønskjer å utvikle seg innan rekneskap og rådgjeving.

Kanskje er du statsautorisert rekneskapsførar, eller du arbeider mot autorisasjon, eller har du erfaring frå rekneskapsbyrå, frå rekneskapsarbeid i privat næring og ynskjer nye utfordringer, eller du rett og slett har interesse for økonomi ?

Me oppmodar deg til å søkje uansett kvar du er i karrieren.

Hjå oss får du arbeide tett på kundane og vere ein viktig rådgjevar.

Arbeidsoppgåver og ansvar blir tilpassa kompetansen og erfaringa di, samstundes som du får moglegheit til å utvikle deg vidare i eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapsføring frå A til Å

  • Kundekontakt og oppfølging, rådgjeving

  • Årsoppgjer og skattemelding

  • Lønnsarbeid

  • Kvalitetssikring og fagleg utvikling

  • Ansvar og oppgåver blir tilpassa erfaring og kompetanse

Me legg størst vekt på at du:

  • er sjølvstendig, strukturert og nøyaktig

  • trivst med kundekontakt og samarbeid

  • kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg

  • har interesse for rekneskap, økonomi og rådgjeving

  • ønskjer fagleg utvikling og tek ansvar

Me kan tilby

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Eit solid fagmiljø med høg kompetanse

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og autorisasjon

  • Variert arbeidskvardag med stor grad av tillit og fleksibilitet

  • Moderne system og gode arbeidsverktøy

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar

  • Gode forsikringsordningar og lønnsvilkår

Hjå oss blir du ein del av eit godkjent rekneskapsførarselskap med lange tradisjonar, solide kundar og dyktige kollegaer.

Me ønskjer å vere ein arbeidsplass der både nyutdanna og erfarne medarbeidarar kan utvikle seg over tid.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Ferdigheter

  • Bokføring
  • Faglig engasjert
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Kvalitetssikring
  • Regnskap og bokføring
  • Skattemelding
  • Utarbeide årsregnskap
  • Sektor: Privat
  • Sted: Miltzowsgate 2, 5700 Voss
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

rekneskap, rekneskapsføring, statsautorisert rekneskapsførar, økonomi, rådgjeving

Økonomikontoret Voss AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Knut Haddal
  • Mobil: 90 58 39 27
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Økonomikontoret Voss AS

Bli den første til å følge dette firmaet!

Firmaets beliggenhet

Miltzowsgate 2, 5700 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469254933
  • Sist endret 8.7.2026, 13:27
Rapporter annonse