Barne- og ungdomsarbeidar/assistent ved Fjellgardane skule og SFO
Bykle
- Søknadsfrist 11.08.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent Fjellgardane skule og SFO
Fjellgardane skule ligg på Hovden i Bykle kommune. Vi er ein fådelt 1-7 skule, og har om lag 40 elevar. Skulen har ein fast utedag for alle elevane gjennom heile skuleåret.
Skulen har moderne fasiliteter og eit variert uteområde tett på flott norsk høgfjellsnatur.
Bykle kommune søkjer etter ein barne- og ungdomsarbeidar i 100% stilling. Stillinga er eit 100% vikariat. Vikariatet gjeld frå 01.10.2026 (moglegheit for tidligare oppstart) til 31.07.2027. Du vil jobbe på SFO og i skulen.
Arbeidsoppgaver
- Være med å planleggje og gjennomføre aktivitetar på SFO
- Aktivt deltagande i aktivitetar ute og inne
- Assistent i skulen
- Ansvar for måltid på skulen én dag i uka
- Vere med å utvikle eit godt og heilskapeleg tilbod til elevane
- Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevane
Kvalifikasjoner
- Fagbrev, barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring kan kompensera for fagbrev
- God norskkunnskap, skiftleg og munnleg
Personlige egenskaper
- Initiativrik, og evne å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Løysningsorientert og fleksibel
- Evne til å byggje gode relasjonar
- Glad i friluftsaktivitetar
- Lagspelar som er engasjert og motivert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Barnehageplass og SFO frå dag ein
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Bedriftsleilighet i Kanalbyen i Kristiansand
Krav om politiattest ved tilsetting.
Ferdigheter AI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
barne- og ungdomsarbeider, sfo, skole, assistent, distrikt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469249001
- Sist endret



