Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sentrum

Rådgjevar

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)

  • Frist 12.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Er du interessert i styring og har god økonomiforståing?

Om stillinga

Avdeling for forvaltningsutvikling har ei ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for statsforvaltarar og berekraft. Vi søkjer ein rådgjevar som vil vere med å vidareutvikle styringa av statsforvaltarane og Statsforvalteren sine fellestenester. 

Statsforvaltaren er staten sin represent i fylka, med 10 verksemder over heile landet. Dei utfører forvaltningsoppgåver for departementa, kontrollerer kommunane si verksemd og er klageinstans for kommunale vedtak. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

(DFD) har det administrative ansvaret for statsforvaltarane. I tillegg samordnar DFD departementa og direktorata som gir oppgåver til statsforvaltaren. DFD etatsstyrer også Statsforvaltarens fellestenester (STAF), som leverer tenester til statsforvaltarane.

I denne stillinga vil du få delta i etatsstyringa av statsforvaltarane og STAF. Du vil samarbeide tett med kollegaer i seksjonen og samstundes ha ein brei kontaktflate internt i DFD, mot andre departement og direktorat/tilsyn i styringa. Samordningsrolla vår er i utvikling, og vi tek ei breiare og meir aktiv rolle i styringa av sektoren. Vi er òg i gang med eit større utviklingsarbeid for å skape betre balanse mellom statsforvaltarane sine oppgåver og ressursar, samt å leggje til rette for meir heilskapleg styring. Dette gir spennande utviklingsoppgåver i seksjonen og gode moglegheiter til å påverke retning, men inneber òg periodar med høgt tempo.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil i hovudsak innebere

  • å delta i etatsstyring av statsforvaltarane og STAF
  • saksbehandling av budsjett- og økonomisaker for statsforvaltarane og STAF
  • å følgje opp Riksrevisjonssaker
  • å delta i utviklingsprosjekt som ein del av etatsstyringa
  • å delta i seksjonen sine andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført mastergrad innan fortrinnsvis økonomi. Andre relevante samfunnsvitskaplege fagretningar kan òg vere aktuelle
  • minst tre års relevant erfaring 
  • god økonomiforståing og evne til å trivast med å jobbe med tal
  • interesse for offentleg sektor og statleg styring
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne


Det er ønskjeleg at du har:

  • relevant erfaring frå offentleg sektor
  • kompetanse og erfaring med samordning


Personlege eigenskapar
Arbeidskvardagen er variert, og du må evne å arbeide sjølvstendig, strukturert og langsiktig, samstundes som du handterer periodar med høgt tempo og mange oppgåver samtidig. Vi ser etter deg som kommuniserer godt og likar å samarbeide. 

I tillegg ser vi etter deg som

  • har god rolleforståing
  • evnar å skape oversikt og kan sørgje for framdrift i eigne saker
  • er fleksibel, hjelper til der det trengst og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga. 
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr 

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.

Vi tilbyr: 

  • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø 
  • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid 
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar
  • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag

Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 680 000-800 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse.

Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/).

Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Informasjon til deg som søkjer 

  • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir.
  • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
  • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Arnfrid Arthur på tlf 93217407 eller e-post Arnfrid.Arthur@dfd.dep.no. 

For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no. 

Ferdigheter
AI-generert

  • Finansfovaltning
  • Public Management

Om arbeidsgiveren

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeid med berekraftsmål.

Avdeling for forvaltningsutvikling (AFU) har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken, samordning av det nasjonale arbeidet med FNs berekraftsmål og følgjer opp departements ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. 

Vidare har avdelinga det administrative ansvaret for statsforvaltarane, og samordnar styringa frå dei departementa og direktorata som gir dei oppgåver. Etatsstyring av Statsbygg og Statsforvaltarens fellestenester inngår i porteføljen. I tillegg har avdelinga budsjettansvaret for apanasjen og er kontaktpunkt for kongehuset.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
  • Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Saksbehandler
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Arnfrid Arthur
  • Stillingstittel: Avdelingsdirektør
  • Mobil: 93 21 74 07
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Annabel Tveit
  • Stillingstittel: Rekrutteringsrådgiver
  • Mobil: 97 95 93 03
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med DIGITALISERINGS- OG FORVALTNINGSDEPARTEMENTET (DFD)
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra DIGITALISERINGS- OG FORVALTNINGSDEPARTEMENTET (DFD)

445 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Akersgata 59, 0180 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468770336
  • Sist endret 3.7.2026, 10:21
Rapporter annonse