Seniorkonsulent
Universitetet i Bergen
- Frist 02.08.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat som seniorkonsulent ved HR-avdelinga
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Seniorkonsulent (dokumentasjonsforvaltar)
Ved faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting er det ledig eit 100 % vikariat som seniorkonsulent i 6 månader, med moglegheit for forlenging.
Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting ivaretek arkivfunksjonen for UiB og forvaltar sakarkivsystemet WebSak og UiBs fysiske papirarkiv. Faggruppa ligg under HR-avdelinga.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett, vil delta i drift og utvikling av dokumentasjonsforvaltning og arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som inneber mellom anna følgjande oppgåver:
- Postmottak, dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring
- Oppfølging av krav om dokumentinnsyn
- Brukarstøtte og rettleiing for sakshandsamarar og leiarar
- Produksjon av offentleg journal
- Vedlikehald av rutiner
- Forvaltning av eldre arkiv
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarane må ha høgare utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning som er relevant for dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
- Erfaring med brukarstøtte og praktisk erfaring med elektronisk dokumenthandsaming og arkiv vil bli vektlagt
- Det er ein fordel med erfaring med WebSak, Elements eller andre sakarkivsystem og med handsaming av krav om innsyn
- Det er ein fordel med god generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem
- Forståing for og erfaring med skjematenester, arkivintegrasjonar og/eller dokumentmalar er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi søkjer ein person som:
- har engasjement og interesse for dokumentasjonsforvaltning og arkivfaget
- er serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter og auge for å utvikle/forbetre administrative rutinar
Vi kan tilby:
- Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 611 900 - 660 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fungerande arkivleiar Per Christian Gaustad, e-post: Per.Gaustad@uib.no, telefon; 55583485
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Arkivsystemer
- Document Management Systems (DMS)
- Dokumentasjonsforvaltning
- Kvalitetskontroll
- Ordning og registrering av papirbasert arkivmateriale
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468666552
- Sist endret


