Styrar og pedagogisk leiar
KFUK-KFUM NORGE
- Frist Snarest.
- Ansettelsesform Fast
Vil du utvikle, synleggjere og byggje fellesskap?
KFUK-KFUM Øygarden ser etter ein engasjert styrar og pedagogisk leiar som vil byggje fellesskap for småbarnsfamiliar i open barnehage.
Om stillinga
KFUK-KFUM Øygarden søkjer ein trygg og engasjert styrar / pedagogisk leiar i 60 % fast stilling til Open barnehage. Stillinga passar for deg som ønskjer å kombinere pedagogisk arbeid, leiing og relasjonsbygging i eit tilbod for barn frå 0-6 år og deira omsorgspersonar.
Open barnehage er ein godkjend barnehage med tre avdelingar på Straume, Landro og Fjell. Tilbodet er gratis og retta mot barn saman med ein vaksen omsorgsperson. Som styrar / pedagogisk leiar får du ansvar for den daglege drifta og den pedagogiske verksemda, og du blir ein del av det samla arbeidet i KFUK-KFUM Øygarden.
Arbeidsstaden vil vere på alle tre avdelingane, men arbeidstida vil i hovudsak vere knytt til Straume. Det må reknast med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
Arbeidsoppgåver
- Du får ansvar for å leie og utvikle Open Barnehage i tråd med gjeldande regelverk og pedagogiske mål.
- Stillinga omfattar dagleg drift, pedagogisk planlegging, koordinering og oppfølging av aktivitetar, samt administrative oppgåver knytte til verksemda.
- Du skal planleggje og gjennomføre aktivitetar saman med tilsette, barn og omsorgspersonar, og bidra til å skape eit trygt, inkluderande og godt miljø.
- Du vil også samarbeide med kollegaer, frivillige og eksterne samarbeidspartnarar, og bidra til å synleggjere tilbodet gjennom informasjon, arrangement og enkel bruk av sosiale medium.
Vi ser etter deg som
- har evne til å arbeide i tråd med KFUK-KFUM sitt formål og verdigrunnlag
- er ein trygg og relasjonsskapande leiar som trivst med ansvar
- har engasjement for barn, familiar og fellesskapsbygging
- arbeider sjølvstendig, strukturert og tek initiativ
- samarbeider godt med kollegaer, frivillige og samarbeidspartnarar
- kommuniserer godt og møter menneske med varme, respekt og openheit
- ser verdien av å gjere tilbodet kjent i lokalmiljøet
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med barnehagelærarutdanning.
- Anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning kan òg vere aktuell dersom du oppfyller kvalifikasjonskrava for stillinga.
- Erfaring frå barnehage, leiing, familiearbeid eller anna relevant arbeid med barn og familiar vil vere ein fordel.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling med høve til å påverke og utvikle eit viktig tilbod for småbarnsfamiliar.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og eit breitt fellesskap i KFUK-KFUM Øygarden.
- Løn etter tariffavtale og god pensjonsordning.
- Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tilsetjing.
Søknader blir vurderte fortløpande, og aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju.
Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Sirianne Hellerud.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
KFUK-KFUM Øygarden er ein del av Norges KFUK-KFUM, ein landsdekkande kristen barne- og ungdomsorganisasjon. Gjennom Åpen Barnehage og fleire andre tilbod arbeider vi for at barn, unge og familiar skal oppleve tryggleik, meistring og fellesskap.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Øygarden KFUK KFUM åpen barnehage avd Straume, Sartorvegen, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder, Styrer
Nøkkelord
Styrer barnehage, Open, KFUK-KFUM
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468428482
- Sist endret


