Dommar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Frist 07.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Dommar i Arbeidsretten
Om Arbeidsretten
Arbeidsretten er ein særdomstol med sete i Oslo og med heile landet som verkeområde. Domstolen er, saman med Riksmeklaren, ein del av systemet for tvisteløysing i det kollektive arbeidslivet. Administrativt er domstolen underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Domstolen er tillagd dømmande oppgåver etter arbeidstvistlova og tenestetvistlova. Arbeidsretten behandlar tvistar mellom organisasjonar i arbeidslivet om gyldigheit og tolking av tariffavtalar, og tvistar om krav som bygger på tariffavtale. Vidare blir det behandla tvistar der det ligg føre brot på tariffavtalar eller lovgivinga sine føresegner om fredsplikt.
Arbeidsrettens dommar blir fullbyrda etter dei reglane som gjeld for høgsterettsdommar. Det inneber at Arbeidsretten normalt er første og siste instans innanfor domsmyndigheita til domstolen.
Sjå også arbeidsretten.no (https://www.arbeidsretten.no/)
Om stillinga
Stillinga som dommar i Arbeidsretten er ledig frå 1. januar 2027.
Hovudinnhaldet i dommarstillinga er ordinære dommaroppgåver, mellom anna saksførebuing i tildelte saker, domsskriving og deltaking i hovudforhandlingar og andre rettsmøte. Du vil også bli tillagd andre juridiske og administrative oppgåver innanfor føremålet og verkeområdet til domstolen.
Du må ha høg juridisk kompetanse og oppfylle kvalifikasjonskrava som går fram av arbeidstvistlova § 36. Det er ønskeleg med dommarerfaring, og vi legg til grunn at du har kjennskap til Arbeidsrettens arbeidsfelt. Tidlegare relevant praksis vil bli vektlagd.
Stillinga blir lønna tilsvarande lagdommar og utgjer per i dag 1 557 600 kr.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følge.
FerdigheterAI-generert
- Arbeidsmiljøloven (Norge)
- Domstolsprosedyrer
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 230 ansatte fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 45, 0158 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dommer, Jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468386480
- Sist endret

