Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Askvoll
Bilde fra arbeidsgiver

Tannlege

Vestland fylkeskommune

  • Frist 02.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Tannlege

Vestland tannhelseteneste – Askvoll klinikkområde søkjer tannlege ved Askvoll tannklinikk med inntil 100% stilling. Til stillinga har vi gode økonomiske vilkår og moglegheit for fleksibel arbeidstid.

Vi kan tilby:
- fleksibel arbeidstid der du kan jobbe deg inn arbeidstid og ta lenger periodar med fri vil bli vurdert.
- mogelegheit for ambulering til ambuleringsklinikk med gode økonomiske vilkår.
- eit rekrutteringstillegg på 50 000 kr i året i tillegg til vanleg lønn.

Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid.
Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Sletting av studiegjeld.
Kvart år får yrkesaktive busett i Askvoll kommune sletta 25 000 kr frå studiegjelda si. Gjeld blir sletta kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt.
Les meir om ordninga på Regjeringa.no.

Askvoll har fleire daglege hurtigbåtavgangar til mellom anna Bergen og Selje. Reisetida til Bergen er om lag 2,5 timar.


Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B, men dette er ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
  • Tenestebil som kan nyttast ved ambulerande teneste

Ferdigheter
AI-generert

  • Forbedre og utvikle tjenestene
  • Norsk
  • Odontologi

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Askvollvegen 395, 6980 Askvoll
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Tannhelse
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Tannlege, Tannhelse, Tannhelsetenesta, Tannhelsetjenesten, Rekrutteringstillegg

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Linn Marita Skiftesvik Høyvik
  • Stillingstittel: Klinikkleiar
  • Mobil: 57 63 69 28
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1579 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Askvollvegen 395, 6980 Askvoll

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 468117681
    • Sist endret 26.6.2026, 08:29
    Rapporter annonse