Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for pedodonti
Universitetet i Bergen
- Frist 31.07.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Instruktørtannlege (20 %, vikariat)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Instruktørtannlege (20 %, vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (http://www.uib.no/iko), er det ledig eit vikariat som instruktørtannlege (20 %), med tilsetjing frå 10. august 2026 fram til 11. juni 2027. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for pedodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er krav om to års erfaring frå barnetannpleie i nordiske land. Det er ønskeleg med erfaring med undervisnings- eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd. Lystgasslisens er ønskeleg.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen (https://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO).
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 730 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial-/spesialistkompetanse er løn for tida kr 770 000 (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språk
- To referansar (namn og kontaktinformasjon
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Athanasia Bletsa, Seksjon for pedodonti, e-post: nancy.bletsa@uib.no eller overtannlege Astrid Halle, Seksjon for pedodonti, e-post: astrid.halle@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk
Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.
- Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.
Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB (https://www4.uib.no/det-medisinske-fakultet/institutt-for-klinisk-odontologi/om-institutt-for-klinisk-odontologi/smittevern-og-hms-ved-institutt-for-klinisk-odontologi)
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Kliniske disipliner i odontologi
- Norsk
- Pediatri
- Smittevern
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Tannhelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467460266
- Sist endret

