Skipper
Vidar Hop Skyssbåter As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Skipsfører hurtigbåt Solund
Er du vår neste medarbeidar?
Vidar Hop Skyssbåter AS har tradisjonar heilt tilbake til 1971 med drift av hurtigbåt. I dag driv vi fleire hurtigbåtsamband og ferjesamband frå hovudkontoret vårt i kommunesenteret på Hardbakke i Solund kommune.
Vi er eit framtidsretta selskap med dyktige medarbeidarar og høgt fokus på tryggleik. Visjonen vår er «Eit godt sted å vere» – for medarbeidarane våre, dei reisande og oppdragsgivarane våre. Verdiane våre er trygg, presis, imøtekomande og framtidsretta.
Vi søkjer no etter skipsførar på hurtigbåt i Solund. I denne stillinga vil du få arbeidsplass om bord på fleire av fartøya våre i Solund, med gode arbeidsforhold og mange gode kollegaer. Vi kan også vere behjelpelege med bustad dersom det er behov for det.
Stillinga krev erfaring frå liknande stillingar med krevjande arbeidsdagar og drift av fartøy i til dels utfordrande og vêrutsette område.
Minimum D5
Hurtigbåterfaring
ROC
Kvalifikasjonar
• Gyldig helseattest
• Krise- og passasjerhandtering
• Gyldig tryggleikskurs
• Hurtigbåtkurs
• Maskinkyndig
Vi søkjer deg som er løysingsorientert, fleksibel, imøtekomande og har godt humør.
Vi tilbyr
• Løn etter avtale – vi tilbyr konkurransedyktige vilkår
• Skiftordning med to veker på og to veker av
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Moglegheit for hjelp til bustad
Kontakt
Spørsmål om stillinga kan rettast til Tor Ivar Østreng (HR-ansvarleg) på telefon 911 36 294.
Søknadsfrist: Snarast
Ferdigheter
- Sjøfart og kysttrafikk med passasjerer
- Styre fartøy
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: 6924 Hardbakke
- Bransje: Maritim og offshore, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skyssbåt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467933512
- Sist endret


