company cover image
company logo image

Vidar Hop Skyssbåter As


Vidar Hop Skyssbåter AS er ein reiarverksemd som tilbyr skyssbåttenester, passasjerruter, charter, ferje, gods- og opplevingsturar. Selskapet har sitt hovudkontor i Solund kommune med base i Hardbakke, det pulserande kommunesenteret som ligg vakkert til midt i hjarta av havna, omkransa av det majestetiske landskapet. Familien Hop har sidan 1971 vore engasjert i ambulansebåtverksemd i Solund kommune fram til 2023. I dag er vår fokus ikkje lenger på ambulanse, men på drift av fylkesruter med skyssbåt og ferje. På 1990-talet starta vi med ulike skule- og bygderuter som operatør for Fjord1 før vi sjølve deltok i anbodskonkurransar innan skyssbåt og ferje, noko som blitt vår hovedvirksomhet i dag. Me driv no sju ulike fylkeskontrakter. I tillegg har etterspurnaden etter charter, opplevingsturar og utleige av fartøy auka dei siste åra, og dette har ført til etablering og oppkjøp av nye selskap innan turisme slik som Glaciertour AS med meir. Vidar Hop Skyssbåter AS har no ein flåte på 14 båtar som opererer frå Bergen i sør til Brønnøysund i nord, med over 70 tilsette.

Ledige stillinger hos Vidar Hop Skyssbåter As

Skipsfører
Vidar Hop Skyssbåter AS
  • Hardbakke