Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

PhD-kandidat/postdoktor

Helse Bergen HF

  • Frist 13.07.2026
  • Ansettelsesform Engasjement

PhD-kandidat/postdoktor

Senter for populasjonshelse ved Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern, har no ei ledig stilling som treårig PhD-stipendiat/postdoktor. Stipendiatet/Postoktorstillinga er knytt til den strategiske forskingssatsinga «Kan vi lære av praksisvariasjon for å forbedre våre helsetjenester?», finansiert av Helse Vest RHF.

Om prosjektet
Stadig fleire barn, unge og unge vaksne blir tilviste til psykisk helsevern, og auken er særleg tydeleg for enkelte diagnosar, mellom anna ADHD og autisme. Kva som driv denne utviklinga, er usikkert. Skuldast auken at fleire faktisk har desse tilstandane, eller har terskelen for å søkje hjelp, bli tilvist og få diagnose vorte lågare? Svaret har stor betydning for prioriteringar og leiing i helsetenesta på alle nivå.

Ph.d.-/postdoktorprosjektet skal undersøke kva som driv den auka hjelpesøkinga for ADHD og autisme, både i psykisk helsevern for barn og unge (BUP) og for vaksne (VOP). Vi er særleg interesserte i moglege forklaringar på samfunnsnivå. Det finst truleg fleire årsaker til utviklinga, og vi er opne for ulike perspektiv og hypotesar. Prosjektet vil nytte nasjonale registerdata med pasientopplysningar tilbake til 2008, og kan kombinere desse med andre relevante datakjelder. Problemstillinga står sentralt i samfunnsdebatten om psykisk helse blant barn, unge og unge vaksne, og kunnskapen vil vere relevant for helsetenesta, forvaltninga og allmenheita.

Om senteret
Senter for populasjonshelse brukar registerdata til å undersøke kausale effektar av helsetenester i psykisk helsevern. Forskinga tar utgangspunkt i betydelege variasjonar i praksis mellom einingar, til dømes i bruk av diagnosar og behandlingar. Hovudmålet er å identifisere praksis som gir dei beste prognosane for pasientane. Pågåande forskingsprosjekt omfattar tema som ADHD, autisme, eteforstyrringar, angst, depresjon, Tourettes syndrom, psykoselidingar, CFS/ME og kjønnsinkongruens, og inkluderer både barn, unge og vaksne. Senteret har eit dynamisk, tverrfagleg og internasjonalt forskingsmiljø. Brukarmedverknad står sentralt i prosjekta våre, og vi samarbeider med leiande norske og internasjonale forskingsinstitusjonar.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av obligatoriske aktivitetar i forskarutdanninga (gjeld Phd-kandidat)
  • Datainnsamling
  • Databearbeiding og analyse av registerdata under rettleiing
  • Artikkelskriving og publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
  • Samanskriving av doktorgradsavhandlinga (gjeld PhD-kandidat)
  • Deltaking i møte med prosjektgruppa og brukarrepresentantar
  • Formidling av forskingsresultat til fagmiljø, forvaltning og allmenheita

Kvalifikasjonar

  • Du må ha samfunnsinteresse for problemstillinga. Vi ser etter deg som er genuint nysgjerrig på kvifor stadig fleire søker hjelp for ADHD og autisme, og som følgjer med på samfunnsdebatten om psykisk helse og helsetenester
  • Du må ha ein mastergrad eller tilsvarande som kvalifiserer til opptak i eit PhD-program. Vi er opne for ulike utdanningsbakgrunnar, både helsefag og andre fagbakgrunnar
  • Du må ha interesse for kvantitativ metode
  • Eventuell tidlegare forskingserfaring vil bli tillagd vekt
  • God formidlingsevne er sentralt i stillinga
  • Praktisk erfaring med statistisk programvare er ein fordel
  • Erfaring frå, eller kjennskap til, psykisk helsearbeid er ein fordel
  • Du må meistre engelsk godt, både munnleg og skriftleg. Kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ønskeleg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

I søknaden kan du gjerne skrive noko om kva du tenker kan vere årsaker til at stadig fleire ønsker utgreiing for ADHD og autisme, og til at fleire blir diagnostiserte med dette.

Personlege eigenskapar

  • Har interesse og engasjement for fagfeltet
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er god til å formidle, både skriftleg og munnleg
  • Kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Arbeider målretta og strukturert
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Eit spennande, dynamisk, tverrfagleg og internasjonalt forskingsmiljø som inkluderer psykologar, psykiatrar, statistikarar, samfunnsvitarar og økonomar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
  • Rettleiing frå erfarne forskarar og tilgang til unike nasjonale registerdata
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ein spennande og utfordrande jobb med stor samfunnsrelevans
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Behandle data
  • Bruke elektroniske databaser
  • Datainnsamling og analyse
  • Gjennomføre kvantitativ forskning

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

PhD-kandidat, postdoktor, forskning, helsepersonell

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Trude Merete Ramberg
  • Stillingstittel: Avdelingssjef
  • Mobil: 55 95 84 49
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Arnstein Mykletun
  • Stillingstittel: Senterleiar
  • Mobil: 91 68 96 00
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2759 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 467769037
    • Sist endret 22.6.2026, 13:13
    Rapporter annonse