Bildegalleri
Fjordhesthingst (2 år) til sals – Romeo (f. 25.04.2024)
Til salgs
40 000 kr
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 143 cm
Kjønn: Hingst
Fødselsår: 2024
Snill og lovande unghingst frå Fjordhestgarden i Breim vert no tilbydd for sal.
Romeo er ein velutvikla og kjekk hingst med godt lynne og gode eigenskapar.
Han er etter Løkke Rubin (kåra 2023) og har Hønsi Elly (2. premie) som mor.
Han er jamleg handtert og er påbegynt innkøyring.
Romeo er følgd opp med alle nødvendige rutinar, inkludert vaksinar, tannrasp og ormekur, og vart skodd våren 2026.
Han er triveleg, roleg og samarbeidsvillig i all handtering.
Utstillingsresultat
Romeo er vist på unghestutstilling i Breim både i 2025 og 2026, med 1. kvalitet begge åra.
Resultat frå siste utstilling:
• Rasetype og preg: 8,5
• Kroppsbygning og muskulatur: 8,5
• Beinkvalitet og beinstilling:
o Frambein: 7,5
o Bakbein: 8
• Bevegelsenes korrektheit: 8
• Bevegelsar: 8,5
• Skritt: 8,5
• Trav: 8,5
• Heilskap eksteriør: 8,35
Dommaromtale:
Oppsynt unghingst av god type med pent hovud og velliggande bog. Breitt ansatt hals og elles ein harmonisk kropp med god muskulatur. Velmarkerte ledd. Uttåa frambein, elles velstilte bein. Ledig og godt skritt og trav med god leddaktivitet.
💛
Ein svært spanande unghingst med gode utviklingsmoglegheiter – både som brukshest og til avl.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.6.2026 kl. 22:53 ・ FINN-kode: 467520873
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt