Bildegalleri
Fjordhest hingsteføl
Til salgs
25 000 kr
Beskrivelse av varen
Kjønn: Hingst
Fødselsår: 2025
Nydelege Levi, f.13.06.25 etter Blåtopps Luna og Fjelltuvas Falk (2.pr) selgast, dersom ein 5⭐️ heim dukkar opp. Han er utan avteikn, og kan kanskje vere interessant å vise etterkvart, men ein god heim er absolutt viktigast.
Begge foreldre har vist seg å ha gode og ledige rørsler. Far er ein god og stødig hest i all bruk. Mor har enno vore sparsomt brukt, men viser seg som ein arbeidsvillig og positiv hest, med god framdrift. Begge foreldre har også særdeles godt lynne, og følet viser seg allereie å vere ein sosial og god koseklump.
Levi vart vist på følskuet på Nordfjordeid 26.10, og der vart han nr 2 i kvalitet av 7 stilte hingsteføl, derav 3 stk i kvalitet. Han fekk følgande omtale:
Velutvikla, litt lågstilt hingst av bra type. Bredt ansatt, velforma hals av god lengde. Sterk rygg og lend. Velforma kryss. Tåvid begge frambein. Føre bein. Ledige, gode bevegelser.
Han fekk karakterane: 7,5 - 8 - 8 - 8, og 8 i heilhet.
Levi er fulgt opp med ormekurar og hovstell, og grunnvaksinering vil vere påbegynt før salg.
Denne vakre folen selgast etter avvenning på nyåret, men han selgast ikkje usett - ta kontakt på tlf 97119704, eller send meg ei melding her inne, ved evt interesse 🙂
KUN seriøse henvendingar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.11.2025 kl. 12:59 ・ FINN-kode: 416164323