Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss
Bilde fra arbeidsgiver

PP-rådgjevar

Vestland fylkeskommune

  • Frist 24.07.2026
  • Ansettelsesform Fast

PP-rådgjevar

Vil du jobbe innan PPT?

Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdomar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunane, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologis teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta Vestland indre har to lokasjonar, i Sogndal og på Voss.

Vi har ledig ei 100% fast stilling som PP-rådgjevar frå 15.08.2026, med kontorstad på Voss.

Arbeidsoppgåver

Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevane og lærlingane ved å:

  • samarbeide med og støtte skulane i det førebyggjande arbeidet for å gje eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa
  • støtte og rettleie skulane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengs
  • gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar
  • utarbeide sakkunnige vurderingar og sakkunnige uttaler knytt til PPT sitt mandat
  • hjelpe skular på systemnivå med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg
  • samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar
  • gi rettleiing og arrangere kurs
  • utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga

Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • masternivå frå universitet eller høgskule i relevante fag innan spesialpedagogikk, psykologi og pedagogikk med relevant fordjuping. Særleg relevant erfaring og utdanning kan kompensere for utdanningskravet
  • god kjennskap til og erfaring frå opplæring, særleg vidaregåande nivå
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B, vi nyttar eigne tenestebilar

Det er ekstra kjekt om du har:

  • erfaring frå PPT
  • kartleggings- og utgreiingskompetanse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som:

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for arbeidet
  • er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
  • har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
  • er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar

Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt. Det er krav om politiattest før tilsetjing.


Vi tilbyr

Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Vi er opptekne av trivsel i arbeidet, og å ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar/psykolog etter kvalifikasjonar og erfaring.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Gymnasvegen 5, 5700 Voss
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Logoped, Rådgivning, Veileder
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

pedagogisk-psykologisk teneste

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Mona Kristin Øvereng Ylvisåker
  • Stillingstittel: leiar
  • Mobil: 41 68 03 06
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1578 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Gymnasvegen 5, 5700 Voss

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 466649369
    • Sist endret 11.6.2026, 10:22
    Rapporter annonse