Fysioterapeut / Ergoterapeut
Bedriftshelse1
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Fysioterapeut / Ergoterapeut – 100% fast stilling
Vi har ledig fast 100% stilling for fysio- eller ergoterapeut. Om du har rett bakgrunn, og interesse for/erfaring med førebyggande arbeid for å unngå muskel- og skjelettplager pga. arbeidet, er du velkomen til å søkje. Arbeidsområdet vil vere i Sunnfjord, med kontortilknyting i Førde og Florø. Ein stor del av arbeidet vil utførast ute i våre mange kundebedrifter.
Dine hovudoppgåver vil vere:
Individuell tilrettelegging og rådgjeving
Arbeidsplassvurderingar
Kartleggingar og risikovurderingar av arbeidsmiljø i bedrifter
Kurs og ergonomiopplæring hos kundar på individ- og gruppenivå
HMS-rådgjeving, oppfølging og kontaktansvar mot kundar
Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper i bedriftshelsetenesta
Rådgjeving til kollegaer innan andre fagområde
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjend fysioterapeut eller ergoterapeut
Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar
Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik
Fleksibel og motivert for å lære nye oppgåver
Har erfaring frå førebyggande arbeid
God munnleg og skriftleg framstillingsevne, god på bruk av dataverktøy
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, løysingsorientert og fleksibel. Evne til å byggje tillit hos kundar og tilsette, interesse for førebyggjande arbeid og arbeidsmiljø. Vi tilbyr ei spennande stilling i eit godt og trygt arbeidsmiljø, der du får jobbe tett saman med erfarne fagfolk med mål om å utvikle HMS-kunnskapen og redusere sjukefråveret hos kundane våre.
Vi tilbyr ei spennande stilling i eit godt og trygt arbeidsmiljø, der du får jobbe tett saman med erfarne fagfolk med mål om å utvikle HMS-kunnskapen og redusere sjukefråveret hos kundane våre. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, fast arbeidstid og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen og utvikle deg personleg.
Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil og disponere eigen bil.
For spørsmål, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48596496
Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no
Søknad med cv og referansar sendast til: tone.botten@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: 10.06.2026
Ferdigheter
- Ergoterapi
- Fysioterapi
- Risikovurdering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 56 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 12 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta i Vestland fylke
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 19, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Ergoterapeut, Fysioterapeut, HMS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fysioterapeut, ergoterapeut, bedriftshelsetjeneste, forebyggende arbeid, muskel- og skjelettplager
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465072218
- Sist endret

