Undervisningsstilling på Frøyland skule
Time kommune
- Frist 20.06.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Undervisningsstilling på Frøyland skule
Frøyland skule er ein 1.-7. skule med omlag 360 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er "Kunnskapsrik og fargerik". Me legg vekt på at elevane skal oppleve både fagleg- og sosial inkludering, og at elevane skal trivast og ha det godt på skulen. I kollegiet legg me vekt på samarbeid og felles ansvar for elevgruppa.
Arbeidsoppgåver
Vil du vera med på laget vårt neste skuleår? Me treng ein positiv person som likar ungar og brenn for utdanning. Me har ledig ei vikariat som faglærar for skuleåret 2026-2027. Stillinga kan bli fast på sikt.Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning. Me vil legge vekt på personlege eigenskapar.Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kråvegen 2, 4355 Kvernaland
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Faglærer, Grunnskule, vikariat, undervisning, lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465879028
- Sist endret
