Vernepleiar/sjukepleiarmiljøterapeut
Time kommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut
Vil du bli med i eit engasjert fagmiljø innan helse- og velferdstenester?
I miljøtenesta i Time kommune er me ein triveleg gjeng som jobbar for å skapa gode kvardagar for menneske med samansette funksjonsnedsettingar. No treng me fleire kollegaer - kanskje er det deg?
Om avdelingane:
Foren burettslag ligg på Kverneland, og gir heldøgntenester til 7 unge bebuarar.
Nye Vardheia ligg på Bryne. Avdelinga gjev tenester til 6 bebuerar fra hausten og treng difor fleire på laget.
Begge avdelingar ligg i kort avstand til buss og tog, og har årsturnus.
Ledige stillingar:
Foren burettslag:
- 100 % stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut med arbeid kvar 4. helg med langvakter, mulig for nokre langvakter i vekedagar.
- Helgestillingar for studentar/helsefagarbeidar/assistentar.
Nye Vardheia bufellesskap:
- 2 x 100 % stilling vernepleiar/sjukepleiar, arbeid kvar 4. helg.
- Helgestillingar - Arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg, også ledige helgestillingar på natt.
Kven ser me etter?
I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Humor, galskap og glede pregar kvardagen både for bebuarar og tilsette. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er vårt verdigrunnlag og rammeverk. Om du ikkje kjenner til PAS, fortvil ikkje - me har dyktige kurshaldarar internt i miljøtenesta.
Spesifiser gjerne i søknaden kva stilling og avdeling du er interessert i. Intervju vil foregå fortløpande. Oppstart etter avtale.
Ta gjerne kontakt på mail dersom du har spørsmål om stillingane
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar
- Samarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare på
- Arbeida både sjølvstendig og i team
- Bidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Sørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterte
- Bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø
- Likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre, følge brukarar i basseng
- Det inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, har medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.
- Rettleia studentar og lærlingar i praksis
- Erfaring med og interesse for utfordrande atferd er ein fordel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar / sjukepleiar. Anna høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag kan vurderes.
- Erfaring frå miljøarbeid og arbeid med utfordrande atferd
- Dokumentert norskkunnskap på nivå B2 dersom du har anna morsmål enn norsk.
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
- Personlege og faglege eigenskapar som samsvarar med ansvaret i stillinga vil bli tillagt stor vekt.
NB! Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Medisin
- Pleie og omsorgsarbeid
- Ubegrenset førerkort kategori C
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Gamle Åslandsvegen 25, 4355 Kvernaland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465051865
- Sist endret

