Assisterande styrar
Time kommune
- Frist 17.06.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Assisterande styrar
Trollongane barnehage har ledig eit vikariat på 80% som assisterande styrar i perioden 20.08.26 - 31.07.207.
Me er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter og har omlag 24 årsverk som gir et godt pedagogisk tilbod til 95 barn. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Time kommune har ambisjonar om å tilby barnehagar med høg kvalitet der barn opplever tryggleik, trivsel og utvikling. Me arbeider systematisk med kvalitet, inkludering og tidleg innsats i heile oppvekstløpet.
Arbeidsoppgåver
Som assisterande styrar blir du ein del av leiarteamet i barnehagen og får ei sentral rolle i både drift og utvikling. Du vil ha medansvar for personal, økonomi og fagleg utvikling, og bidra til at barnehagen blir driven i tråd med lover, forskrifter og kommunale føringar.
- Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon med høg kvalitet
- Ha medansvar for personaloppfølging, inkludert rettleiing, medarbeidarutvikling og arbeidsmiljø
- Medverke til god ressursstyring
- Styrke arbeidet med inkluderande praksis og tidleg innsats
- Bidra til godt samarbeid med føresette og relevante samarbeidspartnarar
- Delta i utviklingsarbeid på tvers av oppvekstområdet i kommunen
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelæra
- Det blir lagt vekt på relevant leiarerfaring/leiarutdanning
- God forståing for barnehagen sin rolle i det heilskaplege oppvekstløpet
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk
- God digital kompetanse
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å skape oppslutning om felles utviklingslinjer.
- Barnehagen har et bredt tilbod og oppgåvene til assisterande styrar er varierte, og det krevst at ein er fleksibel, sjølvstendig, strukturert og målretta
- Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur.
- Vera inspirator
Me tilbyr
Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter som leiar av eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av eit spanande leiarnettverk. Som assisterande styrar får du ta del i prosjekt på eit tidleg tidspunkt og kan vera med å utvikla barnehagesektoren i Time.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Støtte og rettleiing i leiarrolla
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kjeldevegen 1, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Styrer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnehage, Assisterande styrar, Assisterende styrer, Barnehagelærar, Barnehagelærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465704794
- Sist endret
