Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Rådgjevar
Vil du vere med å forme eit meir sirkulært Vestland? Skal vi møte framtidas utfordringar må vi tenkje nytt om korleis vi produserer, brukar og tek vare på ressursane. Sirkulær økonomi er ein nøkkel i denne omstillinga. Vestland fylkeskommune har ei viktig rolle i å drive denne utviklinga framover. Som regional samfunnsutviklar koplar vi næringsliv, kommunar, forskingsmiljø og verkemiddel saman, og bidreg til utvikling av nye løysingar og samarbeidsformer. Gjennom finansiering av forsking og utvikling, kompetansebygging og mobilisering legg vi til rette for omstilling som skapar både berekraft og verdiskaping i heile fylket. No søkjer vi ein engasjert og nysgjerrig kollega i eit vikariat som vil vere med å styrkje satsinga på sirkulær økonomi. Her vil du inngå i eit team som jobbar tett på både forsking, næringsliv og offentleg sektor – i skjæringspunktet mellom kunnskap, praksis og politikk.
Vikariatet gjelder for perioden 17.08.26 - 30.04.27. Nyutdanna oppfordrast til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Delta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og sirkulære løysingar
- Jobbe med å formidle kunnskap og byggje kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunane
- Produsere og formidle innhald om regionalt finansiert forsking i digitale kanalar
- Ta del i behandling av søknader om økonomisk støtte til sirkulære løysingar og andre regionale utviklingsområde
- Vere med å arrangere konferansar og samlingar
- Andre oppgåver knytt til forsking og formidling
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning på minimum bachelornivå frå relevante fagområde
- Kunnskap om og interesse for sirkulærøkonomi
- Kjennskap til forskings- og utdanningssektoren
- Erfaring med og interesse for digital formidling
- God kunnskap i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
- Gode relasjonelle eigenskapar
- Evne til å kommunisere med ulike grupper
- Gode analytiske evner
- Evne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingar
- Evne til å raskt setje seg inn i nye fagområde
- Sjølvstendig og initiativrik
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Forskning og utviklingsarbeid
- Kongressorganisasjon
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sirkulær økonomi, rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465161847
- Sist endret




