Rådgjevar
Klima- og miljødepartementet
- Frist 8.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med statsbudsjettet i Klima- og miljødepartementet?
Kva gjer vi i avdelingssekretariatet?
Avdelingssekretariatet ligg i Klimaavdelinga og har mellom anna ansvar for avdelinga sitt arbeid/prosesser med statsbudsjettet, økonomistyring og tilskotsforvaltning, diverse rapportering, rekneskap i samband med statsrekneskapen, personalforvaltning og verksemdplanlegging. Vidare bidreg sekretariatet i bl.a. styringa av Miljødirektoratet og anna utvikling av styringsarbeidet i avdelinga og i departementet.
I tillegg gir avdelingssekretariatet leiarstønad og koordinerer mange administrative saker på vegne av heile avdelinga og har ansvar for administrative oppgåver i forbindelse med internasjonale klimaforhandlingar (COP).
Om stillinga
Klima- og miljødepartementet søkjer ein rådgjevar til avdelingssekretariatet i Klimaavdelinga. Stillinga er nyoppretta og passar for deg som er økonom og ønskjer å arbeide heilskapleg med statsbudsjettet, frå tidleg planlegging og budsjettering til oppfølging, rapportering og rekneskap gjennom året. Du vil arbeide nært med administrativ leiing og få god innsikt i eit breitt spekter av avdelinga og departementet sine fagområde. Hos oss får du varierte oppgåver og høve til å arbeide både med detaljar og heilskap i viktige og ofte tidskritiske prosessar.
Vi ser for oss at du trivst med kontakt og dialog med andre, ettersom oppgåveløysinga krev tett samarbeid med seksjonane i avdelinga, andre avdelingar på huset og underliggjande etatar og verksemder. Vi ser etter deg som er trygg i møte med tal og økonomiske prosessar, som liker å jobbe i små prosjekter, som tek ansvar og som ønskjer å bidra i ei avdeling med viktige samfunnsoppgåver.
Du blir ein del av eit lite og engasjert team som saman har ansvar for oppgåvene i avdelingssekretariatet, der vi har ein raus og hjelpande kultur, der vi jobbar tett saman og støttar kvarandre i det daglege arbeidet. Du blir og ein del av ei avdeling som har eit godt sosialt miljø og engasjerte, kunnskapsrike og hyggelege kollegaer.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
I et tett samarbeid med kollegaer i Klimaavdelinga, andre avdelingar i departementet, underliggjande etatar og andre verksemder, vil du få:
ansvar for statsbudsjettprosessen (frå A til Å) i avdelinga
arbeide med ulike rapporteringar på avdelinga sitt fagområde
planlegge og gjennomføre statsrekneskapsprosessen på avdelinga sitt område
arbeide med tilskotsforvaltning
oppfølging av offentlege anskaffingar i avdelinga
bidra i andre oppgåver i avdelinga, etter behov og avhengig av kompetansen din
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn:
For å kvalifisere deg for stillinga må du ha:
fullført høgare utdanning innan økonomi, administrasjon eller rekneskap, minimum på bachelornivå
minimum 2 års relevant arbeidserfaring
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
god digital kompetanse, inkludert erfaring med bruk av Office-pakken og andre relevante system
god talforståing
god rolleforståing
Det er ønskjeleg at du har:
erfaring med økonomi- og budsjettstyring frå offentleg sektor, fortrinnsvis departement, direktorat eller annan underliggjande verksemd
prosesskompetanse
Stillinga krev at du kan bli autorisert etter tryggingslova på nivå BEGRENSET. For meir informasjon sjå nsm.no.
For å lukkast i stillinga må du:
ha gode samarbeidsevner og bidra positivt inn i arbeidsmiljøet i avdelinga
ha solid fagleg styrkje og tryggleik i eigne vurderingar
trivast med ein travel kvardag, prega av raske endringar og korte fristar
vere analytisk, nøyaktig og ha evne til raskt å setje deg inn i nye fagområde og problemstillingar
arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
ha gode kommunikasjonsevner og vere serviceinnstilt i møte med kollegaer og samarbeidspartnarar
være innovativ og like å initiere forbetringar og nye løysingar
arbeide strukturert og effektivt, og kunne levere med god kvalitet også under tidspress
Personleg eignaheit vil bli tillagd vekt.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
I Klima- og miljødepartementet får du bidra til løysingar på nokre av vår tid sine viktigaste utfordringar.
Arbeidet ditt kan gi konkrete utslag i korleis Noreg når klimamål, vernar natur og regulerer miljøpåverknad.
Du får god innsikt i politikkutforming.
Du får varierte og meiningsfulle oppgåver.
Klima- og miljødepartementet tilbyr gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter. For å nemne noko vil du som nytilsett delta i vårt introduksjonsprogram, får kurs i regi av Departementsakademiet og får vokse i takt med nye oppgåver.
Fleksible arbeidstidsordningar og betalt overtid.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for lån, forsikring og pensjon som sikrar deg og dine næraste.
Vi er opptekne av å ha eit berekraftig arbeidsmiljø med vekt på trivsel og eit lærande fellesskap. Vi har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Vi har eige kor, ei revygruppe, bedriftsidrettslag og trimrom. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til kollektivtransport, og vi har subsidiert kantine og kaffebar.
Vi er opptekne av mangfald og inkludering:
Vi ønskjer å rekruttere den best kvalifiserte kandidaten og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. Klima- og miljødepartementet har som mål å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og tek i bruk det samla potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike grunnar ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkjeskarriere.
Vi er ei IA-verksemd og har gode tilretteleggingsmoglegheiter. Kvalifiserte kandidatar vert oppmoda til å søkje.
Betingelsar:
Lønn:
Årsløn for rådgjevar: frå kr 650 000 - 770 000.
Stilling og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Som hovudregel krevst det to års relevant erfaring for å bli rådgivar.
Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse. Medlemskap gir fleire gode ordningar, inkludert livsvarig alderspensjon, AFP, økonomisk tryggleik ved sjukdom eller uførheit, støtte til etterlatne, forsikringsordningar og gunstige bustadlånsvilkår.
Er dette stillinga for deg? Les dette før du søkjer:
Søknad sendast elektronisk via lenka på denne sida.
CV-felta i portalen må fyllast ut sjølv om du legg ved eigen CV.
Last opp vitnemål/karakterutskriftar (kan hentast frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
Utanlandske vitnemål må vere godkjende (sjå hkdir.no).
Personopplysningar vert behandla i tråd med GDPR.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om du ber om unntak.
FerdigheterAI-generert
- Budsjettarbeid
- Microsoft Office
- Offentlige anskaffelser
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoraet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond. Departementet har om lag 260 tilsette.
Klimaavdelinga har ansvaret for internasjonalt arbeid, og nasjonal politikkutvikling på klimaområdet, samt lokal luftkvalitet. Avdelinga har også overordna ansvar for miljø og utviklingsspørsmål, og ansvar for styringa av Meteorologisk institutt samt koordinering av avdelingas faginnspel til styring av Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Einar Gerhardsens plass 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
Nøkkelord
statsbudsjett, tilskuddsforvaltning, regnskap, budsjettprosess, økonom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460921265
- Sist endret



