Me søkjer ein ny lagspelar til vår booking-avdeling!
Voss Resort AS
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Bookingmedarbeidar
Er du typen som elskar å skape gode opplevingar, også før gjesten er komen fram?
Me søkjer ein ny lagspelar til vår booking-avdeling!
Hjå oss vert du eit viktig bindeledd; ein som får ting til å flyte, som gjev gjestar ei god oppleving frå første kontakt, og som får kvardagen til å henge saman for både kundar og kollegaer.
Du er nysgjerrig på kundens behov, likar å finne gode løysingar og trivst i eit miljø der det skjer mykje.
Kva du kjem til å gjere:
Vere eit bindeledd for administrative oppgåver internt
Svare på førespurnader på telefon og e-post, og ta imot kundegrupper ved behov
Støtte salsteamet med backoffice-tenester knytta til koordinering av booking, ordrehåndtering og fakturering
Handtere dagsoppgjer og månedleg rapportering
Andre administrative oppgåver ved behov
Kven du er:
Du er strukturert, tek ansvar og er initiativrik
Du har god kommunikasjonsevne, både på norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)
Du er positiv og omgjengeleg
Du har god systemforståelse og sett deg raskt inn i nye løysingar.
Du har gjerne erfaring med booking- og faktureringssystemer.
Positiv innstilling og villighet til å læra er viktigare enn formell utdanning
Kva kan me tilby:
Ei spanande merkevare med høg aktivitet
Ein variert arbeidskvardag med høgt tempo, i flotte omgivelser
Moglegheit til å vera ein viktig del av gjesteopplevinga frå første kontakt
Tett samarbeid med flinke folk som vil at du skal lykkast
Moglegheit for å påverke og utvikle rutinar i bookingarbeidet
Eit engasjert, inkuderende og uformelt arbeidsmiljø
Og ja; me som jobber her er ein gjeng ekte, ærlege, kreative og litt (små)galne vossingar* med glimt i auga (*alle som er ekte, ærlege, kreative og litt galne kan kallast vossingar).
Ferdigheter
- Administrering av bookingsystem
- Back Office-oppgaver
- Fakturering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss Resort er ei spennande merkevare med høg aktivitet heile året.
Me leverer tre primærprodukt; skiprodukt, sommarprodukt og eit året rundt produkt med overnatting, Hangurstoppen Resturant og Voss Gondol.
Gjester kjem til oss både nasjonalt og internasjonalt fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader.
Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen – Oslo, gjer me det lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis.
Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss.
- Sektor: Privat
- Sted: 5704 Voss
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
booking, administrasjon, kundeservice, fakturering, backoffice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458004195
- Sist endret



