Kjøkkenleiar
Stiftinga Voss Folkehøgskule
- Frist 16.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Voss Folkehøgskule
Stillinga som kjøkkenleiar byd på spennande og utfordrande oppgåver
Me søkjer ein engasjert og inkluderande fagperson som brenn for god, sunn og næringsrik mat – og som samstundes har auge for kostnadsmedviten drift, med fokus på minst mogleg svinn. Hos oss er kjøkkenet ein viktig del av skulemiljøet, der måltida skaper fellesskap, trivsel og energi i kvardagen. Som kjøkkenleiar får du ansvar for å utvikla eit variert og berekraftig mattilbod for elevar og tilsette.
Me er ein internatskule, og serverer omlag 100 flotte elevar måltid kvar dag. God mat er ein føresetnad for god trivsel og nøgde elevar, og me ynskjer at mat skal representere ein plussfaktor for skulen vår. Matsalen vår er ein viktig fellesarena på skulen, ein stad for gode møte mellom menneske og smaksopplevingar.
Kjøkkenleiaren deltek sjølv i matproduksjonen. Matfagleg kompetanse og erfaring er ein føresetnad for tilsetjing. Turnus inneber arbeid kvar fjerde helg (dagtid), og av og til noko kveld i samband med større arrangement
Stillinga er 100%, men kan reduserast noko om det ynskjeleg.
Oppgåver
· Menyplanlegging, varebestilling og budsjettkontroll
· Delta i turnusplanlegging
· Kjøkkenhygiene og mattryggheit (HACCP)
· Kommunikasjon med elevane om skulen sitt kosthald generelt, og diettmat spesielt. Mogleg for undervisning med mat som tema.
Me ser etter deg som
· Kommuniserer godt med unge vaksne
· Brenn for å laga god og heimelaga mat
· Har god kompetanse på diettmat
· Har kunnskap om HACCP og rutinar for internkontroll på eit storkjøken
Personleg eignaheit vert lagt vekt på. Søk gjerne sjølv om du ikkje kjenner deg att i alle punkta over.
Du får løn etter avtale, samt gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Ferdigheter
- Bestille fra leverandører
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Erfaring fra næringsmiddelproduksjon
- Hazard Analysis and Critical Control Points (HACCP)
- Kjøkkenhygiene
- Kostholdsplanlegging
- Produksjon av kostholdsmat
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 130 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Me har eit variert læringstilbod med høgt fokus på personleg utvikling og kreativ utforsking.
- Sektor: Privat
- Sted: Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kjøkkenleiar, matproduksjon, mattryggheit, storkjøken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455255783
- Sist endret


