Konsulentar Microsoft 365
Tussa IKT
- Frist 16.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Lyst å arbeide med Microsoft 365?
Vi er i vekst og styrkar Microsoft 365 - miljøet
Vi skal utvide Microsoft 365 miljøet vårt med fleire dyktige konsulentar. Har du relevant erfaring, så kan du bli ein del av Tussa IKT sitt solide fagmiljø. Du kan velje Ålesund, Ørsta, Sykkylven eller Åndalsnes som oppmøtestad.
Nokre av arbeidsoppgåvene til ein Microsoft 365 konsulent vil vere:
Løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
Rådgjeving og implementering av IT-løysingar som møter kundane sine tekniske og strategiske behov
Ta del i vidareutvikling av tenesteportefølja vår i Microsoft 365
Utforskning og implementering av ny teknologi for å etablere framtidsretta IT-tenester
Arbeid på tvers av Microsoft si produktportefølje, herunder Microsoft 365, Azure og sikkerheitsløysingar
Kvalifikasjonar:
Erfaring med oppsett, konfigurasjon, drift og forvalting av Microsoft 365-miljø
God kunnskap om Microsoft 365 - arkitektur
Relevant Microsoft 365 - erfaring innan eit eller fleire av områda
Sikkerheit
Samhandling/informasjonsarkitektur
Klientdrift/Intune/Autopilot
Løysingsdesign
KI/Copilot
Brukeradopsjon
Migrering/plattformbytte
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi kan tilby
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Kurs, konferansar og sertifiseringar
Fleksibel arbeidstid
Sosiale arrangement
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Konkurransedyktig løn etter avtale
Ferdigheter
- Azure AD
- Informasjonsarkitektur
- IT løsninger
- Løsningsarkitektur
- Microsoft 365
- Microsoft Intune
- Sikkerhetsadministrasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er "Microsoft AI Cloud Partner"
- Sektor: Privat
- Sted: 6160 Hovdebygda
- Flere arbeidssteder: Havnegata 3, 6300 Åndalsnes, Langelandsveien 35, 6010 Ålesund, Ullavikvegen 39, 6230 Sykkylven
- Bransje: IT, IT - maskinvare, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet, Systemarkitekt
Nøkkelord
microsoft 365, konsulent, rådgjeving, implementering, it løysingar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457919225
- Sist endret



