Bookingmedarbeider
Union Øye
- Frist 2026-04-22
- Ansettelsesform Fast
Bookingmedarbeider
Hotel Union Øye – der historia lever i detaljane
Hotel Union Øye er eit av Noregs mest ikoniske og historiske hotell, med røter tilbake til 1891. Her har eventyrarar, kongelege og kunstnarar funne ro og inspirasjon mellom fjord og fjell i generasjonar. I dag kombinerer vi historisk sjel med moderne komfort og personleg vertskap – og skaper opplevingar som sit att lenge etter at gjesten har reist. Vi er stolt medlem av Relais and Chateaux og mottok i 2025 Michelin nøkkel.
No søkjer vi ein bookingmedarbeidar som vil vere med å forme opplevinga saman med eit dedikert team – frå det aller første møtet med gjesten. Hos oss er booking meir enn administrasjon. Det er starten på historia gjesten skal tre inn i. Du sel ikkje berre rom – du formidlar stemning, tradisjon og forventning.
Stillinga er ei 100 % stilling med oppstart i mai 2026.
Di rolle
Som bookingmedarbeidar ved Hotel Union Øye er du ofte gjesten sitt første møte med oss. Du forstår at forventninga startar lenge før ankomst – og at presisjon og varme i kommunikasjonen er avgjerande.
Du blir ein sentral del av teamet som sikrar flyt, kvalitet og personleg tilpassing gjennom heile gjestereisa.
Du vil:
- Handtere førespurnader og bestillingar via telefon, e-post og digitale kanalar
- Skreddarsy opphald basert på gjesten sine ønskje, interesser og forventningar
- Booke rom, aktivitetar, guida turar, matopplevingar og transport basert på gjesten sine preferansar
- Følgje opp bookinger i forkant av ankomst og sikre at alle detaljar er nøye førebudde
- Bidra til god kapasitetsstyring og optimalisering av sal
- Samarbeide tett med resepsjon, kjøkken og drift for å sikre ei heilskapleg og presis gjesteoppleving
- I periodar bidra operativt i resepsjonen med innsjekk, utsjekk og personleg vertskap
Kven er du?
Du har ei naturleg forståing for kvalitet, historie og ekte vertskap. Du trivst i dialog med kvalitetsbevisste gjester frå både inn- og utland, og motiverast av å levere på høgt nivå.
Personleg er du strukturert, roleg og detaljorientert. Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg positivt i teamet.
Vi ser for oss at du:
- Har erfaring frå booking, resepsjon eller high-end gjesteservice
- Har eit bevisst forhold til sal og resultat
- Kommuniserer svært godt, både munnleg og skriftleg
- Jobbar strukturert og har god systemforståing (PMS-/bookingsystem)
- Beherskar norsk og engelsk flytande
- Er fleksibel med omsyn til arbeidstid (kveld, helg og sesong)
- Har førarkort klasse B og disponerer bil
- Kan pårekne noko reiseverksemd mellom våre lokasjonar
Kva kan vi tilby?
- Ei nøkkelrolle ved eit av Noregs mest tradisjonsrike hotell
- Eit dedikert og ambisiøst arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar i spektakulære omgjevnader mellom fjord og fjell
- Arbeidstid i turnus med dag-, kveld- og helgevakter
- Behjelpelege med bustad
- Løn etter avtale
Hos oss blir du ein del av eit team som jobbar målretta og heilskapleg for å skape opplevingar gjestene aldri gløymer – og alltid ønskjer å vende tilbake til.
Hotel Union Øye er ein del av Flakk Gruppen og 62NORD som utviklar, marknadsfører og sel unike reiselivsopplevingar på Sunnmøre.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Booking Manager Karoline Granerud, tlf 976 10 656 / e-post karoline.granerud@62.no
Vi vurderer kandidatar fortløpande og ser fram til å høyre frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Hotellresepsjon
- Norsk
- OPERA PMS
- Reservasjoner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Norangdal 41, 6196 Norangsfjorden
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Booking, Resepsjon
Nøkkelord
Hotell, Reiseliv, Booking, Resepsjon, Administrasjon
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455047130
- Sist endret
