
Bildegalleri
(1/11)
Kristian Opstad. Gamle Møre i rit og minne. Rune forlag. Trondheim 1979.
Til salgs300 kr
Beskrivelse
Kristian Opstad. Gamle Møre i rit og minne. Rune forlag. Trondheim 1979.
Informasjon frå: https://www.romsdal-sogelag.no/uploads/kjeldeskrift/Bibliografiar/Opstad%20Kristian%20(1939-1990).pdf
Kristian Opstad til minne.
Rektor Kristian Opstad døydde 10.7.1990, 78 år gammal. Han var fødd
på garden Opstad i Midsund den 19. juli 1912, og voks opp i ein heim der
sansen for lokal kultur og tradisjon var sterk. I 1941 vart han cand. philol.
med norsk som hovudfag, og emnet for hovudfagsoppgåva var “Stad-
namn frå Indre Otrøy og Tautra i Romsdal”.
Kristian Opstad kom tidleg inn i skuleverket, og arbeidde som lektor
ved Tromsø Gymnas og Rogaland landsgymnas, styrar ved Sandøy
realskule og frå 1951 rektor ved den nyopprette Smøla Interkommuna-
le Realskole. 10 år seinare flytta han til Fræna og overtok som rektor ved
Elnesvågen Interkommunale Realskule - det som seinare gjekk over til å
bli Fræna Ungdomsskule. Denne stillinga hadde han til han gjekk av med
pensjon, 70 år gammal.
Opstad var interessert i byggjande arbeid og var aktiv i målrørsla,
Godtemplarorganisasjonen, Romsdal Sogelag m.m. Han skreiv og redi-
gerte fleire bøker og i 1982 starta han sitt eige forlag, nemleg Møre forlag.
I 1969 kom han inn i styret for Romsdal Sogelag etter å ha site som
varamann nokre år. Han gjekk ut av styret i 1983 for å kunne konsentrere
seg meir om forlaget sitt. Som lista nedanfor viser, fekk han gjort mykje
på det lokalhistoriske området.
Med Kristian Opstad har eit verdfullt og interessert medlem og menneske
gått bort, og vi lyser fred over minnet hans.
Bjørn Austigard
Hentes i Oslo eller sendes. Ring eller tekst til 924 35 058 for å diskutere hentingen eller sendingen.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 457600197 |
|---|---|
| Sist endret | 27.3.2026 kl. 20:24 |














