Prosjektstilling som studiebypådrivar
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
- Frist 15.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å vidareutvikle Ålesund som ein inkluderande og heilskapleg studieby - frå campus til sentrum.
Dette er NTNU
NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
Ved NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.
NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.
Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0
Om stillinga
Ved NTNU i Ålesund er det no ledig ei toårig 100 % prosjektstilling til prosjektet Studentbyen Ålesund. Prosjektet er et samarbeid mellom NTNU, Fagskolen Møre og Romsdal, Studentsamskipnaden (Sit) og Ålesund kommune. Stillinga vil være organisatorisk plassert ved NTNU.
Som studiebypådrivar får du ei sentral rolle i arbeidet med å styrke Ålesund som studentby. Du skal bidra til samhandling og koordinering mellom utdanningsinstitusjonane, studentorganisasjonane og eksterne aktørar innan kommune, næringsliv og kulturliv. Målet er å skape gode strukturar for samarbeid om å utvikle inkluderande møteplassar og sikre at studentar opplev Ålesund som ein heilskapleg stad å studere - både fagleg og sosialt.
Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med konkret gjennomføring av tiltak og aktivitetar. Du vil arbeide tett med studentar, leiing ved utdanningsinstitusjonane og samarbeidspartnarar i byen, og vere ein pådrivar for initiativ som styrkar samspel mellom universitet, studentar og samfunn.
Vi ser etter ein initiativrik og relasjonssterk person med gjennomføringsevne og engasjement for studentmiljø og byutvikling.
Stillinga rapporterar per tida til viserektor ved NTNU i Ålesund. I tillegg rapporterast det jamnleg til styringsgruppa for arbeidet som er nedsett av samarbeidsaktørane.
Ønskeleg med oppstart i august 2026.
Arbeidsoppgåver
- koordinere samarbeidsarenaer mellom aktørane som arbeidar med utvikling av studiebyen
- planlegge og gjennomføre tiltak som aukar studentane si deltaking, trivsel og tilhøyring på campus og i lokalsamfunnet
- utvikle og drifte møteplassar og aktivitetar som koplar studentar med lokalt kultur- og arbeidsliv
- rekruttering og oppfølging av fadderleiarar for ein god studiestart
- synleggjere studentar, utdanningsinstitusjonar og Sit i bybildet
- arbeide målretta for å styrke studentbyen Ålesund
Kvalifikasjonskrav
- høgare utdanning tilsvarande bachelor
- erfaring med organisasjonsarbeid eller prosjektarbeid
- erfaring med å planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak og aktivitetar
- erfaring med å oppsøke og utvikle relasjonar på tvers av aktørar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Ynskja kvalifikasjonar
- erfaring med studentfrivilligheit
- kjennskap til UH-sektoren
- erfaring med strategi- og utviklingsprosessar
Personlege eigenskapar
- sjølvstending og strukturert
- proaktiv og kreativ
- løysningsorientert og initiativrik
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- spanande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
- ope og inkluderande arbeidsmiljø (https://innsida.ntnu.no/wiki/-/wiki/Norsk/Inkluderende+arbeidsliv) med engasjerte kollegaer
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/)
- goder for tilsette og fordelar (https://innsida.ntnu.no/wiki/-/wiki/Norsk/Ansattgoder+og+fordeler)
Lønn og vilkår
I stillinga som 1434 rådgjevar vil du normalt lønnast frå brutto kr 600 000 - 700 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-06-16-67), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Om søknaden
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyller kriteria som er beskrive over.
Søknaden må innehalde:
- CV, attestar og vitnemål
- namn og kontaktinformasjon til minimum to relevante referansar
Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her (https://www.ntnu.no/stillinger/dokumentasjon-av-utenlandsk-utdanning). Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet), er det fint om du legg ved den også.
FerdigheterAI-generert
- Redigere engelske tekster
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NTNU - kunnskap for ei betre verd
Ved NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, skaper vi kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Koordinering, Prosjektledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457599160
- Sist endret


