Ungdomsrettleiar
Time kommune
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Ungdomsrettleiar
I Time kommune trur me på krafta som ligg i gode relasjonar, trygge fellesskap og vaksne som ser ungdom – kvar dag, i kvar situasjon. Strategiplanen for oppvekst peikar på at barn og unge skal få kjenna seg sett, høyrt og inkludert, og at me saman skal skapa miljø der dei får utvikla mot, meistring og framtidstru.
Me står i ei tid med endring, utvikling og nye behov – og ungdomsarbeidet er ein sentral del av svaret. Planen løftar fram betydninga av samhandling, førebygging og tidleg innsats, og at ulike profesjonar må spela kvarandre gode for å gi ungdommane den støtta som verkeleg betyr noko.
Saman skal me byggja eit inkluderande samfunn der ungdom møter vaksne som bryr seg, som lyttar, og som gir dei rom til å bli den beste versjonen av seg sjølve.
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert, fagleg trygg og relasjonssterk ungdomsrettleiar som vil spela ei nøkkelrolle i utviklinga av Ungdom & Fritid.
Stillingen er sentral for å skapa synergiar mellom Ungdomsteamet og fritidsklubbane – med tettare samarbeid, betre informasjonsflyt og meir heilskapleg forståing av heile avdelinga. Du blir ein viktig bidragsytar i å utnytte kompetansen smart, styrke erfaringsoverføring og gi avdelinga større fleksibilitet når arbeidsmengde og behov endrar seg. Det vil påreknast noko kveldsarbeid i stillinga.
Arbeidsoppgåver
Du får ei variert og meiningsfull rolle med oppgåver som:
- Oppfølging av ungdommer i Ungdomsteamet
- Vera kommunens kontaktperson i Glidelåsprogrammet
- Ansvar for lokal forankring i FLYT - programmet
- Klubbmedarbeidar i fritidsklubb
- Bidra til samarbeid på tvers av tenester og fagmiljø
- Byggja relasjonar og trygge fellesskap for ungdom i ulike situasjoner
Kvalifikasjonar
Krav:
- Bachelorutdanning
- Sertifikat på personbil
Bør ha kunnskap om:
- Ungdomsutvikling og psykisk helse
- Relasjonsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Førebyggjande arbeid og tidleg innsats
Erfaring:
- Med ungdom (skule, institusjon, fritidstilbod, barnevern eller tilsvarande)
- Erfaring med sårbare eller utsette ungdommer
- Samarbeid med foreldre og andre tenester
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar som vedlegg i webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheter
- Tillitskapande
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og god på struktur
- Målretta og kreativ
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Menn blir oppmoda til å søkje på stillinga.
Vi tilbyr
- En spennende stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Dyktige og dedikerte kollegaer
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter gjeldande tariff
- Godt og triveleg arbeidsmiljø
Politiattest må leverast før oppstart.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ungdom, fritid, ungdomsveileder, miljøveileder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457568959
- Sist endret


