Fagarbeidarar og miljøveiledarar
Time kommune
- Frist 17.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidarar og miljøveiledarar
Time kommune har ledige stillingar som fagarbeidarar og miljøveiledarar på fleire av skulane våre frå august 2026. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. De vil vera viktige fagpersonar som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassar.Kvalifikasjonar
Relevant utdanning som:
- Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.
- Bachelorutdanning, fortrinnsvis vernepleiar og barnevernspedagog.
- Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du har pågangsmot og er initiativrik
- Viser god omsorg og engasjement
- Du er robust, fleksibel og løysingsorientert
- Har god relasjonskompetanse
- Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Det blir lagt vekt på om søkaren er personleg eigna til jobben.
Me tilbyr:
- Gode pensjonsordningar.
- Lønn etter tariff.
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.
På nåverande tidspunkt har me ledig følgjande stillingar på desse skulane:
Det kan òg koma fleire ledige stillingar på andre skular, i andre storleikar og stillingstypar. Endeleg stillingsprosent vil vera ut frå behovet ved den enkelte skule. Skriv i søknaden kva stilling og skule du søkjer på. Ikkje vent med å søka. Det blir gjennomført intervju fortløpande.
Hognestad skule:
1 fast stilling som miljøveiledar/fagarbeidar i skule og SFO 75%. Arbeidstida varierer frå 7:15-16:00 med moglegheit for tilpassing.
Har du spørsmål ta kontakt med:
Rektor: Ingveig Nærland Ødegård tlf: 91863721
https://www.minskole.no/hognestadskule
Rosseland skule:
2-3 faste deltidsstillingar som fagarbeidar (50%). Desse stillingane er knytt opp til SFO. (Arbeidstid ca.12.45-16.00)
Det er behov både for ordinært arbeid på basen, og/eller på enkeltbarn
Rektor: Geir Soma, mob. 975 81 636 Avdelingsleiar: SFO Cynthia S.Henriksen mob. 943 73 282
https://www.minskole.no/rosseland
Lye skule:
1 vikariat som miljøveileder/fagarbeider i skule og SFO 80%.
1 fast og 1 vikariat i 40 - 50% knytt opp til SFO. Det kan vera mogleg med utviding i skule, slik at stillinga totalt sett blir 70-80%.
Om du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med:
Rektor: Sigrid Hinnaland Kjetland, tlf. 990 46 933 eller SFO-leiar: Iselin Stangeland, tlf. 951 07 964
https://www.minskole.no/lyeskule
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet, Barne- og ungdomsarbeider, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagarbeider, miljøveileder, Barne- og ungdomsarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457550257
- Sist endret


