Kontaktperson
Time kommune
- Frist 08.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Kontaktperson
Er du ein engasjert og empatisk fagperson som ønskjer å bidra til at barn og unge under omsorg får den hjelpa dei treng?
Barnevernstenesta i Time kommune har ledig 100 % fast stilling som kontaktperson i Team Omsorg, med ansvar for oppfølging av barn i fosterheim, institusjon og i ettervern.
Som kontaktperson vil du ha ansvar for å følgje opp barn og unge med fokus på tryggleik, utvikling og trivsel. Arbeidet inneber tett samarbeid med foreldre, fosterforeldre, institusjonar, skular, helsetenester og andre relevante samarbeidspartnarar for å sikre at barnets beste alltid står i sentrum.
Barneverntenesta i Time søkjer ein medarbeidar som vil vere med og utvikle ei teneste med visjonen:
«Alle barn og unge har lyst på livet og evne til å meistre det».
Dette lever me ut gjennom vår felles leveregel:
«Me gjer kvarandre gode, og me gjer det i lag».
Tenesta består av 25 tilsette og er organisert i Team MUO (mottak, undersøking og oppfølging), Team Omsorg og ei felles tiltaksavdeling, for barneverntenesta i Time, Klepp og Hå. Arbeidsstad er Time rådhus.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter Lov om barnevern.
- Oppfølging av barn, foreldre og fosterforeldre.
- Oppfølging av ungdom i ettervern.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Representere barnevernstenesta i ulike rettsinstansar.
- Tilsyns- og tryggleiksperson når barn og foreldre/familie har samvær.
- Delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.
- Samarbeid på tvers av team.
- Delta på vekentlege avdeling- og teammøte.
- Bidra aktivt til eit trygt og positivt arbeidsmiljø.
Arbeid utover ordinær arbeidstid- og noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosialfaglig utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, annen relevant utdanning kan vurderes.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming i 1. linje barnevern, samt erfaring med fosterheimsarbeid.
- Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning, eventuelt mastergrad.
- Kompetanse i sakshandsaming i tråd med barnevernslova og forvaltningslova.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du hente frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Det må leggjast fram politiattest før tiltreding, i tråd med lovkrava som gjeld for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Raus, nær, modig og skapande, og trygg i møte med barn, familiar og samarbeidspartnarar.
- Tydelig og samstundes audmjuk, med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
- God relasjonskompetanse og evne til å byggje tillit.
- Refleksjonsevne og god forståing for eiga og andre si rolle, samt linjestyring.
- Sjølvstendig, men også ein god lagspelar som bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
- Evne til å handtere høgt arbeidstempo, dokumentasjonskrav og periodar med stor arbeidsmengde.
- Fleksibel og endringsvillig, og villig til å ta på seg nye oppgåver når organisasjonen utviklar seg.
- Løysingsorientert, nytenkjande og handlekraftig, med evne til å trekke gode faglege slutningar.
- Initiativrik, med evne til å ta ansvar for eiga kompetanseutvikling og tileigne seg ny kunnskap.
- Gode samarbeidsevner både internt og eksternt.
- Gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne blir vektlagt.
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Hos oss får du ei 100 % stilling i eit spennande og lærerikt fagfelt, saman med engasjerte kollegaer som samarbeider godt og som ønskjer ein ny kontaktperson velkommen inn i tenesta. Me er i utvikling, deler erfaringar og støttar kvarandre i det daglege arbeidet.
Du vil få veiledning og me legg til rette for fagleg tryggleik og kontinuerleg utvikling. Me har fleksibel arbeidstid, med kjernetid frå kl. 09.00 til 14.00, og noko høve til heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det.
I tillegg får du høve til å vere med og utvikle framtidas barnevern, saman med kollegaer som er opptatt av kvalitet, fagleg utvikling og gode løysingar for barn og familiar.
Løn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar følgjer stillinga.
Dersom ein intern tilsett i vikariat blir tilsett i den faste stillinga, kan det opne seg høve for vikariat i tenesta.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Saksbehandler, Kontaktperson, Barnevernspedagog, Barneverntjenesten
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455910728
- Sist endret



