Jordmor - vikar 50 %
Alver kommune
- Frist 13.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bli ein del av jordmortenesta i Alver?
Om stillinga
Vi har ledig 50% vikarstilling som jordmor i Alver kommune frå snarast, og ut 2026.
Stillinga har dagarbeidstid 37,5 t/v i full stilling.
Arbeidsoppgåver
Stillinga omfattar:
- Oppfølging av gravide i tråd med rettleiande program for svangerskapsomsorga
- Barselsomsorg- oppfølging av mor og barn dei første 5-7 dagane etter fødsel
- Ammerettleiing
- Kurs for gravide og deira partnarar
- Tett samarbeid med helsesjukepleiar og andre tenester, intern og eksternt
Kompetansekrav
- Jordmor med norsk autorisasjon
- Førarkort kl. B
- Det er krav om at arbeidstakar disponerer eigen bil i tenesta
Ønska kompetanse
Relevant jordmorpraksis frå føde- /barselsavdeling. Det er også ein fordel med erfaring frå arbeid i svangerskapsomsorg
Vi søker deg som:
- Har fokus på tverrfagleg samarbeid og heilskap
- Er oppteken av god kvalitet i tenesta
- Arbeider sjølvstendig, men samstundes er ein lagspelar
- Er god til å kommunisere, både med kollegaer, brukarar, foreldre/føresette
- Har evne til planlegging og gjennomføring
- Er utviklingsorientert
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø prega av engasjerte tilsette, høgt fagleg nivå og tydeleg brukarfokus
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- God offentleg tenestepensjon gjennom KLP
- Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5- 4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
FerdigheterAI-generert
- Kjøre servicebil
- Klinisk arbeid som jordmor føde / barsel
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Jordmortenesta i Alver kommune er organisert i tenesteområdet Helsestasjon- og jordmortenesta, i sektor Oppvekst.
Vi har 4,5 årsverk jordmor.
Vi er ei teneste med tydeleg fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid etter gjeldande faglege
retningsliner for svangerskap og barselomsorg.
Tenesta tilbyr svangerskapsomsorg ved tre helsestasjonar i
kommunen, i samarbeid med fastlegetenesta.
Tenesta driv også barselomsorg alle kvardagar, med tilbod om heimebesøk til alle nyfødde og deira føresette.Vi tilbyr etterkontroll til sårbare kvinner.
I tillegg tilbyr tenesta fødselsførebuande kurs og ammekurs for gravide og deira partnarar. Vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, og ynskjer å byggje ei teneste med brei kompetanse for å møte brukarane sine heilskaplege behov.
Vil du vere med å vidareutvikle og skape ei framtidsretta jordmorteneste er dette jobben for deg!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457543724
- Sist endret


