Miljøarbeidar og miljøterapeut
Austevoll kommune
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar og miljøterapeut i Lindevika buteneste
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.
Helse og velferd har som mål å tilby fagleg forsvarlege og individuelt tilpassa tenester, slik at kvar enkelt kan oppleve ein trygg, meiningsfull og innhaldsrik kvardag.
Miljøarbeidartenesta yter praktisk bistand, opplæring og helsetenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenesta er organisert i fleire tilbodsområde:
- bufellesskap med døgnbemanning
- avlastingsbustad for barn og unge
- omsorgsbustader for vaksne, knytt til avlastingsbustaden
- ambulerande tenester til heimebuande med nedsett funksjonsevne
Visste du dette?
Bur du i Austevoll, kan du få sletta delar av studiegjelda di. Frå januar 2026 kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Les meir om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner (https://lanekassen.no/nb-NO/gjeld-og-betaling/sletting-av-gjeld-i-utvalgte-kommuner/#samtykke-banner)
Om stillinga
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre?
Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning og ambulerande tenester, der målet er å skape trygge, meiningsfulle og gode dagar for dei som mottar tenester.
Vi har no ledige stillingar for:
- Helsefagarbeidar i 100 % stilling
- Helsefagarbeidar i 80 % nattstilling
- Vernepleiar i 100 % stilling
I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent, som eignar seg godt for studentar eller deg som ønsker fleksibilitet.
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du både jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil vere med å legge til rette for meistring, utvikling og livskvalitet - og samtidig få høve til å utvikle deg fagleg.
Vi tilbyr årsturnus med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidstid, og fleksible løysingar med både langvakter og ordinære vakter.
Ansvars- og arbeidsoppgåver vil variere ut frå kompetanse, erfaring og delegert ansvar, og omfattar mellom anna:
- Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne
- Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltaking
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behov
- Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanar
- Sikre at tenestemottakarane får fagleg forsvarlege tenester i samsvar med vedtak
- Delta i dokumentasjon og oppfølging i fagsystem
- Utarbeide og halde ved like tiltaksplanar
- Medverke til god struktur, kvalitet og utvikling i tenestene
- Samarbeide tett med kollegaer, fagpersonar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til god koordinering av tenester rundt den enkelte tenestemottakar
- Medisinhandtering og - administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjon
- Delta i rettleiing av kollegaer, studentar, elevar og lærlingar
- Medverke til eit ope, inkluderande og positivt arbeidsmiljø, og bidra til vidare utvikling av tenestene
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må vise gyldig politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, omsorgsfull og viser respekt i møte med tenestemottakarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner og evnar å bygge tillit og gode relasjonar
- Du er tålmodig, fleksibel og handterer endringar på ein roleg og løysingsorientert måte
- Du er engasjert, fagleg interessert og tar ansvar for eigne oppgåver og utvikling
- Du bidrar aktivt til eit positivt, inkluderande og trygt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit positivt og kompetent fagmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Turnustillegg der det er aktuelt
- Årsturnus med moglegheit for å påverke eigen arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Lindevika 20, 5392 Storebø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457440338
- Sist endret