Miljøterapeut 100% fast
Bufetat
- Frist 10.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut 100% fast
Avdeling Hop er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.
Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Avdeling Hop er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år.
Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Avdeling Hop har ei ledig fast 100 % miljøterapeut. Arbeidstidsordningen ved avdelingen er statlig langturnus, som innebærer at du er to døgn på jobb, syv døgn fri, to døgn på jobb, syv døgn fri, tre døgn på jobb, syv døgn fri med arbeid hver 4 helg.
Det kan også være moglegheitar for fleire vikariat av ulik storleik og lengdar ved eininga, samt
moglegheit for tilkallingsvikarar. Søkjarar som òg er interesserte i tilkallingsvikariat, blir oppmoda til å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgaver
Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon:
- Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i sine liv. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar. Avdeling Hop arbeid etter Målstyrt Miljøterapi, som inneber blant anna traumebevisst omsorg og kognitiv miljøterapi.
- Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
Stillinga som vaken miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. - Stillinga krev høg grad av sjølvstendig arbeid.
- Du vil ha ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Du vil delta og ha ansvar for overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Miljøterapeutene i 100 % stilling vil også deler på å være vaktansvarlig når de er på jobb.
- Du vil delta i fagmøte og rettleiing. Som ansatt på Avdeling Hop forpliktar du deg til å delta på obligatorisk opplæring som Tryggleik og sikkerheit og anna opplæring som vert krevd til stillinga.
Kvalifikasjoner
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Det er ønskelig med Master eller videreutdanning i rus og psykiatri, kognitiv miljøterapi, eller annet relevant utdanning
- Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Kjennskap til rettigheitsforskrifta og traumebevisst omsorg er ønskjeleg.
Personlige egenskaper
Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Du evner å:
- bygge relasjonar.
- la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
- arbeide sjølvstendig , metodisk og i team.
- analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny kunnskap.
Vidare ønskjer vi at:
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg og påliteleg.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ og vert vurdert etter utdanning og erfaring:
Bachelor i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, pt kr 490 000 – 615 000 pr. år.
Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 550 000 – 670 000 pr. år. Ved master og klinisk spesialist: kr 548 600 – 670 000 pr. år.
I tillegg kan vi tilby:
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, muligheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen.
Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk. - Stillingen er for tiden lagt til Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avd. Hop.
- Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
- Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
- Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved et eventuelt intervju.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjonsverktøy
- Dokumentering og registrering av informasjon
- HMS (Helse Miljø og Sikkerhet)
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Lage skriftlige rapporter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nybøvegen 24, 5221 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Institusjon, Turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457145266
- Sist endret


