Servicetekniker Landbruk, stasjonert i Sunnfjord-regionen
EID ELEKTRO AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein variert og spennande kvardag der du får jobbe med moderne løysingar og robotar for landbruket?
Serviceteknikar landbruk – Sunnfjord-regionen
Eid Elektro søkjer no serviceteknikar til Sunnfjord-regionen.
Her får du ein variert og sjølvstendig kvardag, spennande oppdrag og ein viktig rolle ute hos kundane våre.
Arbeidsoppgåver
service og vedlikehald av tekniske løysingar i landbruket, hovedsaklig mjølkerobotar
montering og igangkøyring av robotar og utstyr
feilsøking og reparasjonar ute hos kunde
planlegging og gjennomføring av eigne oppdrag
oppfølging og rettleiing av kundar
Vi ser etter deg som
har fagbrev innan elektro, automasjon, mekanikk eller liknande
gjerne har erfaring frå servicearbeid og/eller landbruk
trivst med ein sjølvstendig arbeidskvardag
er praktisk anlagt og løysingsorientert
likar å møte folk og skape gode relasjonar
har førarkort klasse B
Det er ein fordel om du bur i Gloppen, Jølster, Førde eller i nærliggande område.
Vi tilbyr
ein sjølvstendig og variert jobb
spennande arbeidsoppgåver i ein bransje i utvikling
grundig opplæring
godt fagmiljø og hyggelege kollegaer
servicebil, pc, jobbtelefon o.l
ryddige løns- og arbeidsvilkår
gode pensjons- og forsikringsordningar
gunstig vaktordning
Om Eid Elektro
Etablert i 1980, har 105 tilsette og ei omsetning i 2025 på 281 mill. Hovedkontor på Nordfjordeid, avdeling i Bergen og montørbasar i Vanylven og på Stadlandet, samt servicetekniker LAndbruk stasjonsert i Førde. Opplever sterk utvikling og svært høg aktivitet.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uformell prat.
Ferdigheter
- Dataferdigheter
- Elektroindustri (bransje)
- Kjøre
- Kunnskap innen mekanikk
- Melkemaskin
- Montere teknisk utstyr
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Etablert i 1980, har 105 tilsette og ei omsetning i 2025 på 281 mill.
Hovudkontor på Nordfjordeid, avd. i Bergen og montørbasar i
Vanylven og på Stadlandet, samt servicekniker Landbruk
stasjonert i Førde. Høg aktivitet med mange nye kundar og
mjølkerobotar, gjer at vi treng endå ein servicetekniker i
Sunnfjord-regionen.
- Sektor: Privat
- Sted: Øyane 12, 6770 Nordfjordeid
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Håndverkstjenester, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Mekaniker, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
landbruk, servicetekniker, lely mjølkerobot, fjøssystemer, servicearbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457322894
- Sist endret
