Skogansvarleg
Linja AS
- Frist 10.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker skogansvarleg - med driv for digital utvikling
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Mange av stillingane våre har valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten! Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 20 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
Vil du vere med å modernisere korleis vi jobbar med trygg og stabil straumforsyning?
Linja søker ein skogansvarleg som ikkje berre tek ansvar for skogrydding og vegetasjonshandtering – men som også vil vere ein nøkkelperson i den digitale vidareutviklinga av faget. Du vil drive fram smartere, meir presise og datadrevne metodar som styrker leveringssikkerheit og HMS.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for skogrydding i Linja sitt konsesjonsområde
- Risikobasert planlegging og prioritering av tiltak
- Aktiv bruk av laserdata, GIS-løysingar, kart og analysar
- Bidra til digitalisering av metodar for linjerydding og vegetasjonskontroll
- Entreprenør- og kontraktsoppfølging
- Byggherreansvar, HMS og kontakt med grunneigarar
- Kostnadsoppfølging, budsjett og rapportering
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning eller erfaring innan skogbruk, naturforvaltning, tekniske fag eller tilsvarande
- God forståing for HMS og risikovurdering
- Erfaring med entreprenøroppfølging er ein fordel
- Interesse for digitalisering og analyseverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ei samfunnskritisk og meiningsfull rolle der du bidreg direkte til trygg straumforsyning
- Høg påverknadskraft i eit fagområde i sterk utvikling
- Moglegheit til å forme og modernisere metodar og arbeidsprosessar
- Varierte og utfordrande oppgåver
- Konkurransedyktig løn, attraktive pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar. Fleksible ordningar for arbeidstid.
- Heimekontorordning.
Ferdigheter
- Analysere data
- Bruke geografiske informasjonssystemer
- Budsjettarbeid
- Dataanalyseverktøy
- Digitalisering
- Kostnadskontroll (Financial controlling)
- Naturforvaltning
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.
Mange av stillingane våre har valfri oppmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten!
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 20 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
- Sektor: Privat
- Sted: Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
- Flere arbeidssteder: Kyllervegen 6, 6906 Florø, Ålesund, 6018 Ålesund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Jordbruk og skogbruk, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Analyse, Oppmåling og kartlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skogansvarleg, straumnett, skogrydding, linjerydding, entreprenøroppfølging
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456236923
- Sist endret

