Project Manager
Ulstein Power & Control
- Frist 20.4.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Ulstein Power & Control søkjer
Ulstein Power & Control er ULSTEIN sitt kompetansesenter for integrerte kraft- og automasjonsløysningar. Vi kombinerer leiande ekspertise, innovasjon og lang erfaring for å levere kostnadseffektive, berekraftige og framtidsretta løysningar med førsteklasses service som gir kundane eit tydeleg konkurransefortrinn.
Selskapet er i vekst, og har fleire spanande prosjekt innan ulike segment. Som vår nye prosjektleiar får du ei sentral rolle i eit utviklingsorientert og dynamisk fagmiljø.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar hos oss får du det overordna ansvaret for gjennomføring og økonomi i tildelte prosjekt, frå kontraktsignering til overlevering. Du vil fungere som bindeleddet mellom kunden og den interne prosjektorganisasjonen, og sikre at vi leverer i samsvar med spesifikasjonar, kvalitet, tid og budsjett.
Relevante arbeidsoppgåver vil vere:
prosjektplanlegging, ressursstyring og koordinering av tekniske disiplinar
økonomisk oppfølging, budsjettansvar og prognosearbeid
oppfølging av kontraktar, endringshandtering og avtalar med underleverandørar
kundekontakt, møteleiing og sikring av god dokumentasjonsflyt
å bidra inn mot sal, service og ettermarknad
Din profil
Vi søkjer primært deg som har nokre års erfaring som prosjektleiar, gjerne med bakgrunn frå nybygg eller større maritime prosjekt. Du har ei teknisk forståing som gjer deg trygg i møte med komplekse systemleveransar, og du trivst i ei rolle med mykje ansvar og høgt tempo.
Vidare ser vi føre oss at du har:
teknisk utdanning (MSc / BSc / Teknisk fagskule) innan elektro, automasjon eller marinteknikk
gode leiareigenskapar og evne til å stille krav både internt og eksternt
evne til å jobbe strukturert og planmessig i ein kvardag med mange parallelle løp
Kvifor velje Ulstein Power & Control?
Eit framtidsretta og kompetent miljø: Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft.
Gode utviklingsmoglegheiter: Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling.
Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa betingingar
Samarbeid med bransjens beste: Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar.
Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor på Moa i Ålesund, som kan nyttast.
Søknadsfrist: 20. april – søknader blir løpande vurderte.
Ønsker du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjevarane
Allette Solberg, tlf. 900 20 132
Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor Ulstein Power & Control i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.
Ferdigheter
- Administrere kontrakter
- Administrere ressurser
- Automatisering
- Elektro (AMO)
- Ledelse av underleverandører
- Maritim teknologi
- Prosjektering
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. For meir informasjon, sjå ulstein.com
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Elektronikk, Maritim og offshore, Shipping
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Marinteknikk / Naval architecture, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Project Manager, Maritim, Prosjektleder, Automasjon, Elektro
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457003509
- Sist endret


