Salgsleder
Obs BYGG Ulsteinvik
- Frist 20.04.2026
- Ansettelsesform Fast
OBS BYGG Ulsteinvik søkjer salgsleiar i jernvare/sesong -avdelinga
Er du ein tydeleg og engasjert leiar som trivst i ein aktiv og fysisk arbeidskvardag? Vi søkjer no ein salgsleiar til jernvare/sesong avdelinga vår.
Om stillinga
Som salgsleiar har du det daglege ansvaret for drift og utvikling av avdelinga. Du jobbar tett med varehussjefen, leiargruppa og medarbeidarane dine for å skape eit godt arbeidsmiljø og ein sterk salskultur.
Dine ansvarsområde vil mellom anna vere:
Personaloppfølging og teamutvikling
Sikre god butikkstandard
Sal og gjennomføring av kampanjar
Varekontroll og handtering av reklamasjonar
Bidra til effektiv drift og gode rutinar
Du er ein operativ leiar som trivst ute på golvet saman med medarbeidarane dine. Stillinga inneber høgt tempo og fysisk arbeid, inkludert tunge løft.
Hos oss er kunden først ein grunnleggjande verdi. Du forstår kva dette inneber i praksis og går føre som eit godt døme i møte med både kundar og kollegaer.
Vi ser etter deg som:
Er ein synleg, motiverande og tydeleg leiar
Har leiarerfaring, gjerne frå tilsvarande bransje
Trivst i ein hektisk og fysisk arbeidskvardag
Er strukturert og har gode gjennomføringsevner
Er positiv og løysingsorientert
Har interesse, erfaring eller kunnskap om byggjevarer (ønskjeleg, men ikkje eit krav)
Vi tilbyr:
Driftsoppfølging frå varehussjef og anna støttepersonell, god opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom e-læringskursa våre. Du blir medlem av den innskotsbaserte pensjonsavtalen vår med eigensparing, og er dekt av forsikringsordningane våre. Vi har rabattavtalar for medarbeidarane våre.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med varehussjef.
Søknad og CV blir registrerte digitalt.
Søknadsfrist: 20.April.2026
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre aktivt salg
- Kvalitetskontroll av gods
- Vektløfting
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Obs Bygg, Salgsleder, Bygg butikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456951170
- Sist endret




