Plattformspesialist Database
Helse Vest IKT
- Frist 17.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å jobbe med moderne database plattformer?
Sjukehussektoren er i sterk utvikling, og krava til moderne, robuste og trygge IKT‑løysingar aukar år for år. For at sjukehusa i regionen skal kunne levere trygge og effektive tenester til pasientane – både i dag og i framtida – spelar IKT-infrastrukturen ei avgjerande rolle.
Helse Vest IKT har ansvar for å levere stabile og sikre IKT-tenester til alle sjukehusa i regionen. Med rundt 1500 system, 4000 databasar og over 30 000 sluttbrukarar er vi eit av dei største og mest komplekse IKT‑miljøa på Vestlandet.
I divisjon Plattformtenester arbeider vi med moderne databaseplattformer og leverer tenester som er avgjerande for nokre av dei mest kritiske systema i helseføretaka. No søkjer vi fleire dyktige kollegaer som vil vere med å utvikle, drifte og vidareutvikle desse løysingane. Har du erfaring med teknologiar som Oracle, MS SQL Server, MariaDB, PostgreSQL eller MongoDB, kan du vere den vi ser etter. Hos oss får du jobbe med spanande teknologi i eit fagleg sterkt miljø som verdset samarbeid, kvalitet og deling av kunnskap.
Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Kva skal du jobbe med hos oss?
- Utvikle moderne sjølvbeteningsløysingar og automatiserte tenester som styrkjer effektiviteten i organisasjonen.
- Sikre stabil, trygg og effektiv drift av våre databaseplattformar.
- Bidra med fagleg rådgjeving innanfor databaser og relaterte tenesteområder.
- Jobbe proaktivt med endringshandtering og kontinuerleg vedlikehald for å vere i forkant av behov og utfordringar.
- Følgje opp og styrke IKT-sikkerheit, slik at data og tenester alltid er trygge.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Erfaring med drift og utvikling av database plattformtenester
- Erfaring frå større driftsmiljlø (ikkje et krav, men ein fordel)
- Erfaring med automatisering og scripting
- God forståing for datatryggleik.
- Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
- Snakkar og skriv flytande norsk.
Personlege eigenskapar
Eigenskapar vi set pris på hos deg:
- Du er nysgjerrig på ny teknologi og liker å dele kunnskap med kollegaene dine.
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydelig
- Du har sans for struktur og kvalitet i arbeidet
- Du tek initiativ der du ser det er behov, kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du kan levere under press og trivst med nye utfordringar.
- Du er ein positiv bidragsytar i teamet, med godt humør og glimt i auget.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit viktig samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid, moglegheit for heimekontor og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
- Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Automatisering
- Informasjonssikkerhet
- MariaDB (Database)
- Microsoft SQL Server
- MongoDB
- Oracle Database
- PostgreSQL
- Sikkerhetsklarering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Database
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
database, plattform
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457000801
- Sist endret



