UX-designer med kompetanse på Universell Utforming
Helse Vest IKT
- Frist 13.04.2026
- Ansettelsesform Fast
UX-designer med kompetanse på Universell Utforming
Vi i Helse vest IKT har glødande interesse for å forenkla kvardagen til pasientar og helsepersonell. Å driva sjukehus og pasientbehandling er komplekst. Det å skapa betre brukaropplevingar for tilsette og pasientar gir oss meiningsfulle og spennande arbeidsdagar, kvar einaste dag.
Fagområdet UX er ein del av Seksjon Utvikling. Seksjonen består av nær 60 høgt kvalifiserte medarbeidarar fordelt på ti team. Vi utgjer eit sterkt fagmiljø som er opptekne av å laga gode, framtidsretta løysingar for helsetenestene. UX-designarar jobbar tett med alle roller, som helsepersonell, brukarrepresentantar, utviklarar, arkitektar og prosjektleiarar. Vi jobbar både med løysingar som blir utvikla internt hos oss og i samarbeid med leverandørane våre. Saman leverer vi mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved alle sjukehusa på Vestlandet.
Du blir ein del av team Brukeropplevelse. Vi ser etter sterke lagspelara og faglege pådrivare som kan vera med oss for å byggja UX vidare. Helse Vest IKT er ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag, og vi ser derfor spesielt etter deg som har erfaring med, og interesse for å arbeide med brukarvenlegheit innafor ein større kontekst. Teamet har også ansvar for å følgje opp arbeidet med å gjere løysingane våre tilgjengelege for alle. Det er derfor viktig at du har god kompetanse på WCAG og universell utforming.
Arbeidsoppgåver
Du vil arbeida med mange spennande oppgåver:
- Forma nye, og forbetra eksisterande løysingar som skaper heilskaplege brukaropplevingar
- Bidra til at løysingane blir universelt utforma
- Aktivt bruka designmetodikk for å sikra at behova til brukaren blir ivaretekne
- Gjennomføre intervju, workshops, observasjon og brukartestar
- Utarbeide konsept, designforslag og prototypar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (særs relevant erfaring kan i nokon høve erstatte formell kompetanse)
- Erfaring med metodar og teknikkar innan brukarinnsikt
- Har eit auge for inkluderande design
- God kompetanse på WCAG og universell utforming
- Det er ein fordel om du er en kløpper i Figma!
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Entusiasme for fagfeltet og empati for brukarane
- Sjølvgåande, men trivst best med å jobba i team
- Trivest med variasjon og byta mellom oppgåver
- Kreativ og glad i å finna gode løysingar saman med andre
- God til å lytta og setja deg inn i problemstillingane til andre
- Audmyk for ekspertisen til andre innan deira fagfelt
- Nøye på kvalitet i leveransane
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Brukerdesign
- Brukeropplevelse
- Kundeinnsikt
- Prototype
- Universell utforming
- WCAG
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Interaksjonsdesign, UX-design
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
UX-design, Universell Utforming, Interaksjonsdesign, Brukervennlighet, Helseteknologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457106130
- Sist endret

