Fagansvarlig bioingeniør, kvalitet
Helse Fonna HF
- Frist 01.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig bioingeniør, kvalitet
Vil du jobbe med kvalitet og fag – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som fagansvarleg bioingeniør (kvalitet) ved Laboratoriet Odda får du ei sjølvstendig rolle i kvalitetsarbeidet, tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt.
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20.000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60.000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld - sjekk her.
👉Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser
Kva går jobben ut på?
Du får ansvar for laboratoriet sitt kvalitetssystem (delegert frå funksjonsleiar), og blir ein pådrivar for å gjere ting endå betre – både i system og i praksis. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:
- identifisere forbetringsområde og følgje dei opp på ein løysingsorientert måte
- gi råd og rettleiing til fagansvarlege, funksjonsleiar og lege i kvalitetsspørsmål
- handtere avvik og følge opp kvalitetsindikatorar
- følge opp interne kvalitetskontrollar og analysevariasjon
- delta i kvalitetsnettverk i Helse Fonna og interne fagmøte
- bidra med endringsprotokollar og risikovurderingar
- delta i rutinedrift og vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan medisinsk biokjemi
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som trivst med ansvar og får ting til å skje – på ein måte som skapar tryggleik for både kollegaer og pasientbehandling.
Hos oss er det viktig at du:
- jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
- tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus
Sletting av studiegjeld: Du kan ha rett på sletting av utdanningsgjeld dersom du bur i ein kommune som er omfatta av ordninga. Les meir her!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Bergenstesten
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Kvalitetsstyringssystem
- Medisinsk biokjemi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, odda, sykehus, kvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456285863
- Sist endret


