Fagansvarlig bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 01.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarlig bioingeniør, PNA og prøvetaking
Vil du jobbe som fagansvarleg bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som fagansvarleg bioingeniør ved Laboratoriet i Odda får du ei sjølvstendig rolle med ansvar for PNA og prøvetaking, tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. Du blir fast tilsett hos oss, men sjølve fagansvaret er eit vikariat i ein avgrensa periode.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld – sjekk her.
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- Blodprøvetaking
- Blodgass
- Urin
- Glukose
- Opplæring av ansatte ved Odda sjukehus i blodprøvetaking, analysering av blodgass, urin og glukose
- Delta i rutinedrift og vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
- tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Sletting av studiegjeld: Du kan ha rett på sletting av utdanningsgjeld dersom du bur i ein kommune som er omfatta av ordninga. Les meir her!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Blodgassanalyse
- Måle blodsukker
- Ta blodprøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, prøvetaking, odda, sykehus, pna
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456285455
- Sist endret


