Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 31.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar med hjarta for pasientar? Bli ein del av vårt prisvinnande lag på poliklinikken.
Vil du jobbe der fag, natur og fellesskap møtest? Velkomen til kirurgisk og medisinsk poliklinikk!
Å jobbe på kirurgisk og medisinsk poliklinikk ved Odda sjukehus får du jobbe i ei avdeling som vann arbeidsmiljøprisen til Helse Fonna i 2024. Her jobbar vi tett på pasientar, undersøkingar og behandling – og vere med på forbetringsarbeid og digitale satsingar som gjer kvardagen betre.
Her er fagmiljøa små nok til at du blir sett og høyrd – men store nok til å gi deg fagleg utvikling, spennande oppgåver og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag. Du møter engasjerte kollegaer som bryr seg om kvarandre, samarbeider tett på tvers av fag og er stolte av arbeidet dei gjer for pasientane i regionen.
Du får ein variert kvardag i poliklinikken, og med arbeid kvar 4. helg på medisinsk og kirurgisk sengepost blir du endå betre kjent med pasientforløpa våre.
Sjukehuset ligg midt i Ullensvang kommune, i hjartet av Hardanger – eit område kjent for dramatisk natur, levande lokalsamfunn og korte avstandar mellom jobb, fjord og fjell. Her kan du starte dagen på jobb og avslutte den med ein fjelltur, kajakktur på fjorden eller ei roleg stund mellom frukttrea i blomstring.
Ullensvang byr på gode oppvekstvilkår, aktive lag og foreiningar, eit rikt kulturliv og eit inkluderande lokalsamfunn der det er lett å bli kjent med folk. Mange opplever at balansen mellom jobb og fritid blir ekstra god nettopp her.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du blir ein del av eit fagleg og sosialt fellesskap i ei bygd der natur, menneske og meiningsfullt arbeid går hand i hand.
Velkomen til Odda!
Ta gjerne kontakt med leiar for ein uformell prat. 👉 Send inn søknaden di no - vi vil gjerne bli kjent med deg!
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleieoppgåver i poliklinikk.
- Undersøking og behandling av kirurgiske og medisinske pasientar.
- Administrativt arbeid knytt til poliklinikkane.
- Bidra i forbetringsarbeid i avdelinga.
- Rettleiing av studentar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskjeleg med minimum 2 års sjukehuserfaring.
- Videreutdanning innan sår og kardiologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeider strukturert
- har evne til å prioritere oppgåver og finne løysingar
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- trivst med å arbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- er oppteken av fag og god pasientbehandling
- tek imot nye utfordringar
- er ein positiv bidragsyter til endringsprosessar og digitalisering
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
- God og tilpassa opplæring slik at du kjenner deg trygg i rolla.
- Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Ei avdeling som driv aktivt med forbedringsarbeid, utvikling og digitalisering av helsetjenestar.
- Mogleghet for å vere med å påverke eigen arbeidskvardag.
- Ein synleg og tilgjengeleg leiar som legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
- Vi kan vere behjelpelege med å skaffe bustad ved behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
FerdigheterAI-generert
- Grunnleggende sykepleie
- Utføre helsetjenesteundersøkelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, hardanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455103789
- Sist endret


