Bioingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør
Vil du jobbe i eit fagmiljø der du både blir sett, utfordra og får utvikle deg?
Laboratoriet ved Stord sjukehus har ledig vikariat i 100 % stilling som bioingeniør, og no ser vi etter akkurat deg som ynskjer ein spennande og variert arbeidskvardag – midt i eit inkluderande miljø med godt humør og tett samarbeid.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
Hos oss får du:
✔ Variasjon – ingen dagar er like! Du får jobbe breitt innan fleire laboratoriefagområde.
✔ Sterkt fagmiljø – erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ein trygg og god opplæring.
✔ Utviklingsmoglegheiter – du får ansvar, kompetansebygging og rom til å lære.
✔ Godt arbeidsmiljø – vi heier på kvarandre og har fokus på samarbeid og trivsel.
✔ Meiningsfull jobb – resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.
Kva går jobben ut på?
Arbeidet ved laboratoriet er variert og kan blant anna omfatte:
- Prøvetaking og pasientkontakt i poliklinikk og sengepostar
- Analysearbeid innan hematologi, klinisk kjemi, koagulasjon og immunologi
- Arbeid i blodbank, inkludert forlik og transfusjonsrelaterte oppgåver
- Vaktteneste i tredelt turnus
- Bruk og vedlikehald av laboratorieinstrument
- Bidrag til kvalitetsarbeid og utvikling av interne rutinar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør (krav)
- Erfaring frå medisinsk laboratorium er ein fordel, men nyutdanna er også velkomne til å søke
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Må kunne jobbe i tredelt turnus
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- er nøyaktig, ansvarsbevisst og kvalitetsorientert
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
- trives med ein hektisk kvardag og varierte arbeidsoppgåver
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og kompetent fagmiljø
- Varierte oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Blodoverføring
- Norsk
- Samle inn prøver
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456271998
- Sist endret

