Organisasjonssjef i Møre og Romsdal
Bondelagets Servicekontor AS
- Frist 14.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Norges Bondelag søker organisasjonssjef i Møre og Romsdal
Vi søkjer ein samfunnsengasjert og positiv organisasjonssjef med interesse for den rolla organisasjonen speler i landbrukspolitikken, til fylkeskontoret vårt i Møre og Romsdal, med kontorstad i Molde. Møre og Romsdal Bondelag har ca. 2700 medlemmer, og fylkeskontoret har to tilsette.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
næringspolitisk og fagleg verksemd
organisasjonsarbeid og støtte til fylkes- og lokallag
drift av fylkeskontoret
kontakt med statlege og fylkeskommunale forvaltningsorgan
samarbeid med organisasjonane i landbruket
medie- og politikarkontakt
Vi søkjer etter en person med:
god kjennskap til landbruket og landbruksorganisasjonane
kjennskap til offentleg forvaltning og politikk
gode samarbeidsevner og engasjement
relevant høgare utdanning
erfaring frå utoverretta verksemd/organisasjonsarbeid
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr godt eit arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn.
Nærare opplysningar om stillinga ved fylkesleiar Olav Håkon Ulfsnes 900 15 888, Elin Røed tlf. 928 18 333 eller personalsjef Catharina Andersen 905 15 152.
Alle søknader blir vurderte etter kvart, og søknadsfristen er 14. april 2026. Send søknaden til stilling@bondelaget.no.
Ferdigheter
- Kunnskap om landbruksnæringen
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Norges Bondelag er ein organisasjon for både bønder og alle andre som synest at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere betydninga landbruket har for samfunnet. Vi har ca. 60 000 medlemmer fordelte på meir enn 500 lokallag. Det er 95 tilsette i organisasjonen, 50 av desse jobbar ved hovudkontoret i Hollendergata i Oslo, og 45 er fordelte på dei 17 fylkeskontora våre.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Fannestrandveien 63, 6415 Molde
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
landbrukspolitikk, organisasjonsarbeid, landbruksorganisasjonane
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455958771
- Sist endret

