Rådgivar/seniorrådgivar forureiningstilsyn
Statsforvaltaren i Rogaland
- Frist 31.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide for å redusere forureininga til naturen?
Om stillinga
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider mellom anna med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.
Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal også samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar.
Avdelinga har 34 tilsette med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan, og desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining.
Sakshandsaming etter forureiningslova er knytt til å behandle søknadar om utsleppsløyve og rettleiing. Statsforvaltaren fører tilsyn for å kontrollera at verksemdene følgjer vilkår i løyvet. Tilsyn er eit viktig verkemiddel som bidrar til at forureiningsregelverket vert etterlevd. Vi skal medverke til gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk.
Miljøvernavdelinga har ledig ei stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan forureiningstilsyn. Det er ønskeleg med tiltreding så snart som råd.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna arbeide med:
- tilsyn, tilsynsrapportar og anna oppfølging av verksemder med løyve etter forureiningslova og verksemder regulert av forskrift der Statsforvaltaren er forureiningsmynde.
- formidling av nasjonal politikk med vekt på rettleiing av industri, kommunar, regionale myndigheiter og andre relevante aktørar
- informasjonsarbeid i form av foredrag på seminar og møter
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som
- har relevant utdanning på mastergradsnivå eller høgare, med fagleg tyngde innan realfag/teknologi. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring
- kjennskap til forureiningsregelverket
- tilsynserfaring er ein fordel
- trivst med tverrfagleg arbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- samarbeider godt og byggjer gode relasjonar
- er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert
- har ein trygg og tydeleg kommunikasjon
- trivst med varierte oppgåver og ansvar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Det må påreknast reise for å gjennomføre tilsyn. Du bør derfor ha sertifikat for personbil klasse B.
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 620 000 - kr 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten
- god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetansebygging
- varierte, interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
- 6 månaders prøvetid
Mangfold og inkludering
Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Forskrifter
- Forurensningsloven
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Kjemiingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455912804
- Sist endret
