Tilkallingsvikarar - Portør, Lagermedarbeidar og Reinhald til Voss sjukehus
Helse Bergen HF
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Tilkallingsvikarar - Portør, Lagermedarbeidar og Reinhald til Voss sjukehus
Støttetenester, Voss sjukes som består av portør, reinhald og innkjøp, har et godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidare. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi søker etter tilkallingsvikarar som portør, lagermedarbeidar og reinhald til Voss sjukehus frå snarast. Du må oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus.
Arbeidsoppgåver
Arbeisoppgåver portør:
- Pasienettransport internt i seng/rullestol eller gåande
- Transport av reine og skitne senger og intern varetransport
- Handtering av boss og spesialavfall
Arbeidsoppgåver lagermedarbeidar:
- Oppgåver knytt til lagerlogistikk frå mottak til leveranse i sjukehuset
- Følge opp interne bestillingar
- Utkjøyring av varer til avdelingane og mottak og utlevering av medisinar til avdelingane
Arbeidsoppgåver reinhald:
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask, vask og reiing av senger og hovudreinhald
- Arbeidsoppgåver i postkjøkken
- Dag-, kvelds- og helgevakter
- Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar portør:
- Må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Personelge eigenskapar blir vektlagt og det er ønskeleg med førstehjelpskurs
Kvalifikasjonar lagermedarbeidar:
- Ønskeleg med kjennskap til vareflyt i sjukehus
- Erfaring med, eventuelt god forståing for, heile verdikjeda «frå behov til leveranse»
- God IKT-kompetanse og ein må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med kjennskap til «SAP»
Kvalifikasjonar reinhald:
- Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er òg av interesse
- Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
Personelge eigenskapar portør:
- Vera utadvendt og service innstilt
- Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du arbeidar sjølvstendig og meistrar handtering av fleire oppgåver på same tid
- Du har god orden, er punktleg og påliteleg
- Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidet er fysisk krevande
Personlege eigenskapar lagermedarbeidar:
- Du har god orden, er effektiv og nøyaktig
- Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strukturert, arbeidar sjølvstendig, har evne til å handtere høgt arbeidstempo også i krevande situasjonar
- Serviceinnstilt, positiv og løysingsorientert
- Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidet er fysisk krevande
Personlege eigenskapar reinhald:
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner
- Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt fagleg miljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
- Relevant opplæring
FerdigheterAI-generert
- Avfalls- og gjenvinningsbransjen
- Kunnskap om renhold
- Norsk
- Tar ansvar for leveranser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Lagermedarbeider, Renhold, Truckfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
tilkallingsvikar, portør, lagermedarbeider, renhold, voss sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456217875
- Sist endret


