Rådgjevar-kommunikasjon, formidling og kurs
Vestland fylkeskommune
- Frist 31.03.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Rådgjevar-kommunikasjon, formidling og kurs
Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland (TkVestland) har ledig eit 60 % vikariat for rådgjevar, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til stab og leiargruppe, og har ei sentral rolle i arbeidet med å formidle kunnskap, synleggjere fagmiljøa våre og utvikle faglege møteplassar.
Som rådgjevar hos oss vil du jobbe tett saman med leiarar, spesialistar, forskarar og tannhelsepersonell, og bidra til både administrativ støtte, kursverksemd og strategisk formidling. Har du lyst til å jobbe i eit stort, tverrfagleg fagmiljø med eit tydeleg samfunnsoppdrag – då kan TkVestland vere arbeidsplassen for deg.
Om TkVestland
TkVestland er eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i Noreg og ein del av Vestland fylkeskommune. Oppdraget vårt er å drive fagutvikling, forsking, rettleiing og etterutdanning i tannhelsetenesta, samt vere ei viktig tilvisingsinstans for spesialistbehandling.
Vi arrangerer jamleg kurs, fagdager og digitale tilbod, og jobbar aktivt med formidling mot både fagmiljø og brukarar.
TkVestland består av:
- forskingsavdeling
- spesialistklinikk
- tannklinikk ved Haukeland universitetssjukehus
- Avdeling for TOO
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar vil du mellom anna:
- utarbeide og kvalitetssikre tekstar til planar, rapportar, presentasjonar og informasjonsmateriell
- planleggje og gjennomføre fagdager, kurs, samlingar og webinar
- vere kurskoordinator for interne og eksterne arrangement
- bidra til produksjon av film, webinar og digitalt læringsinnhald
- arbeide med strategisk og operativ kommunikasjon internt og eksternt
- samarbeide tett med fagpersonar, forskarar og eksterne samarbeidspartnare
- bistå leiargruppe og stab med administrative og koordinerande oppgåver
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning , (dersom det er søkjarar som ikkje setter dei formelle krava til rådgjevar-tittel (dvs. master, vert tittelen konsulent), gjerne innan administrasjon, kommunikasjon, formidling eller pedagogikk
- relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
(administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk) - erfaring med planlegging og gjennomføring av kurs, arrangement eller digitale møte er ein fordel
- god digital kompetanse og interesse for nye formidlingsformer
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som kjenner deg igjen i verdiane våre – open, kompetent og modig. Du er strukturert og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne, og kommuniserer tydeleg i samarbeid med andre. Du trivst med ein variert arbeidskvardag som kombinerer både operative oppgåver og planlegging, og har ein tydeleg interesse for formidling og utviklingsarbeid.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ei spanande stilling i eit aktivt og kompetent fagmiljø
- varierte arbeidsoppgåver med reell moglegheit for påverknad
- gode høve for fagleg utvikling
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga kan innebere noko utadretta verksemd og reise i samband med arrangement.
FerdigheterAI-generert
- Administrativ støtte til bedriftsledere
- Arrangementsledelse
- Digitale ferdigheter
- Koordinering av seminar
- Norsk
- Produksjonsplanlegging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5867 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Pedagogikk, Informasjon, Administrasjon, Kommunikasjon, Formidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454905856
- Sist endret




