Rådgjevar for utvikling og internasjonalt samarbeid
Noregs handelshøgskole (NHH)
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og forme framtidas utdanningstilbod?
Om stillinga og seksjonen
Norges Handelshøyskole (NHH) søkjer ein engasjert og løysingsorientert rådgjevar til ei spennande rolle knytt til utvikling og koordinering av utdanningssamarbeid i vår internasjonale universitetsallianse ENGAGE.EU og vårt nye studieprogram innan økonomi og teknologi. Stillinga kombinerer utviklingsarbeid og administrasjon og passar for deg som ønskjer å bidra til auka nyskaping og samarbeid i et komplekst og internasjonalt miljø.
NHH er medlem av ENGAGE.EU ( https://www.nhh.no/om-nhh/internasjonale-nettverk/engage.eu/), ein europeisk universitetsallianse med finansiering frå EU. Dette inneber eit omfattande internasjonalt samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon, kor NHH har ansvar for utvikling av den samla porteføljen av nye kurs, program og initiativ for utdanning. NHH har også nyleg oppretta eit nytt bachelorprogram innan økonomi og IT. Rådgjevaren vil ha ansvar for koordinering av utdanningsinitiativ i ENGAGE.EU (75 %) og administrativ støtte til bachelorprogrammet Business, Economics, and Data Science (BEDS) (25 %). Arbeidet inneber tett samarbeid med fagstab og administrasjon, både internt og internasjonalt.
Stillinga er ei fast 100 prosent stilling og høyrer til i Studieadministrativ avdeling. Du vert ein del av Seksjon for utdanningskvalitet og vil samarbeide tett med programleiarane for ENGAGE.EU og for det nyoppstarta BEDS-programmet. Du vert også ein del av vårt ENGAGE.EU-team med tett kontakt med koordinator og andre som er involvert i prosjektet.
Ansvarsområde
- Utviklingsarbeid:
Drive og leggje til rette for utvikling av utdanningstilbod i alliansen, med fokus på nyskaping og berekraft. Koordinere initiativ på tvers av alliansen og sikre relevans og kvalitet i samarbeidet. Samarbeid med og støtte for NHH sin programleiar for ENGAGE.EU. - Administrativ koordinering:
Planleggje og gjennomføre møter, følgje opp prosjekt og sikre rapportering i tråd med retningslinjer. Gje støtte til fagmiljø og samarbeidspartnarar for gjennomføring av utdanningstiltak. - Oppfølging av ENGAGE.EU-porteføljen:
Bidra til forvaltning av prosjekt, vidare utvikling av partnarskap og søknadsprosessar for ekstern finansiering. - Støtte til BEDS-programmet:
Gje administrativ støtte til programleiaren og bidra til drift og systematisk oppfølging og vidareutvikling av programmet.
Både ENGAGE.EU og NHH si studieportefølje er i utvikling, og andre oppgåver kan bli lagt til ved behov. Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis mastergrad
- relevant erfaring frå prosjektarbeid eller administrasjon i høgare utdanning eller liknande kunnskapsorganisasjonar
- svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
- god formuleringsevne skriftleg og munnleg på norsk
- god generell digital kompetanse og erfaring med å arbeide med Office-verktøy (Word, Excel og PowerPoint) og i digitale samarbeidsflater
Det er ein føremon om du har
- kjennskap til studieprogramarbeid
- kjennskap til europeisk utdanningssamarbeid og/eller internasjonale prosjekt, inkludert arbeid med ekstern finansiering
- erfaring frå tverrinstitusjonelt samarbeid, gjerne internasjonalt.
- internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- arbeider målretta og sjølvstendig, tar initiativ og som ser løysingar
- har sterk gjennomføringskraft og evne til å drive prosesser framover
- har evne til å prioritere i ein hektisk arbeidssituasjon, planlegge og organisere arbeidet
- er god til å bygge relasjonar, har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
NHH tilbyr
- varierte faglege utfordringar i eit strategisk viktig prosjekt for NHH
- gode utviklingsmoglegheiter
- eit godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstidsordning
- inkluderande arbeidsliv
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) (www.spk.no)
- velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte
Stillinga har kode 1434 - rådgjevar og er lønna med kr 630 000 - 720 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
NHH kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ekstern leverandør etter samtykkje. Samtykkje blir innhenta i søknadsprosessen.
Søknadsfrist 15.03.2026.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Microsoft Office
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi har eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø og samarbeider med 195 universitet og handelshøgskolar over heile verda. NHH er førstevalet for studentar som vil ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg.
Aktivitetane våre er prega av høg kvalitet, sterke etiske standardar og innsats for felles mål. I tett samspel med nærings- og samfunnsliv utviklar vi og deler ny kunnskap og skaper verdiar for ei berekraftig framtid. NHH ligg i Bergen og har rundt 3 750 studentar og 455 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Helleveien 30, 5045 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453082134
- Sist endret


