Saksbehandlar
Hordaland tingrett
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe tett på rettssakene – og bidra til å løyse eit av samfunnets viktigaste oppdrag?
Om stillinga
Er du klar for ein jobb der ingen dag er lik, og der innsatsen din betyr noko - for enkeltmenneske, for rettstryggleiken og for samfunnet?
Som saksbehandlar i Hordaland tingrett blir du ein sentral del av den tredje statsmakta. Du får ansvar som krev presisjon, profesjonalitet og samarbeid - og du står tett på det som skjer i rettssalen.
Hordaland tingrett har ei fast 100 % stilling som saksbehandlar ledig frå hausten 2026.
Hos oss får du sjølvstendige oppgåver, tett dialog med dommarar og samarbeid med fagleg sterke og engasjerte kollegaer.
Du er ein nøkkelperson i førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettssaker - og sørgjer for at sakene flyt, at partane får god informasjon og at prosessen held høg kvalitet.
Du får ei rolle som betyr noko - kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Som saksbehandlar får du ein variert og hektisk kvardag der du blant anna skal
- førebu, legge til rette for og etterbehandle rettssaker
- samarbeide tett med dommarar og andre saksbehandlarar
- kommunisere med partar, advokatar og andre fagpersonar
- bidra til aktiv saksstyring og effektiv framdrift i sakene
- jobbe på tvers av alle domstolane sine fagområde
Arbeidsoppgåvene vil kunne variere og endre seg i takt med verksemda sine behov.
Kven er du?
Vi ser etter deg som
- har utdanning på bachelornivå (gjerne administrasjon, samfunnsfag eller juss)
- lang erfaring frå relevante fagfelt kan kompensere for utdanningskravet
- har erfaring frå saksbehandling eller liknande arbeid
- har interesse for teknologi og digitale arbeidsprosessar
- er trygg i digitale system og verktøy
- kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast hos oss om du
- jobbar strukturert og sjølvstendig
- er serviceinnstilt og tillitsvekkande
- samarbeider godt og bidreg til positivt arbeidsmiljø
- er presis, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
- trivst i eit høgt tempo med mange parallelle oppgåver
- likar digital utvikling
Vi tilbyr
I Hordaland tingrett får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi - og ei rekkje gode vilkår
- moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
- eit sterkt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
- lokal og nasjonal kompetanseutvikling
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida
- lønn som førstekonsulent/rådgjevar etter Hovudtariffavtalen, avhengig av kompetanse
- gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som førstekonsulent/rådgjevar (stillingskodar hhv. 1408/1434) etter Hovudtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.
Mangfald i Noregs domstolar
Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar og erfaringar velkomne. Kandidatar med fleirkulturell bakgrunn, hol i CV eller funksjonsnedsetjing blir oppmoda til å søkje. Vi legg til rette ved behov og følgjer prinsippa for positiv særbehandling.
Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på dfø sine nettsider. (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling)
FerdigheterAI-generert
- Behersker IT-/datasystemer
- Digitale ferdigheter
- Forvaltningskompetanse
- Kunnskap om teknologi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hordaland tingrett er ein stor og moderne domstol med om lag 86 årsverk, inkludert 32 dommarar, 8 dommarfullmektigar og 45 saksbehandlarar.
Vi har ansvar for kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden.
Som ein del av den tredje statsmakta arbeider vi kvar dag for tillit, rettstryggleik og gode avgjerder for alle som kjem til oss.
Personopplysningar blir behandla i tråd med lovverket. Søknader blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved søknadsfristen – hugs difor å leggje ved all relevant dokumentasjon.
Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 42, 5020 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455263877
- Sist endret


