Velkomen til Osterøyskulen
Osterøy kommune
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med på laget vårt?
Om stillinga
Vil du være med å gjere ein forskjell og bidra til lærelyst og meistring for framtida?
Osterøyskulen treng grunnskulelærarar 1.-10. frå hausten 2026.
Osterøyskulen har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der arbeid med elevmedverknad, lesing og trygt og godt læringsmiljø står sentralt. Osterøyskulen føl Olweus-programmet.
Det er fem grunnskular i Osterøyskulen der vi har fire barneskular og ein ungdomsskule. Vi er tydelege på at vi ønskjer å jobbe i lag til det beste for barnet der vi saman jobbar for at alle elevane i Osterøyskulen skal få same vilkår etter likeverdsprinsippet. Vi har mellom anna etablert felles utviklingstid der alle skulane møtast digitalt for å utvikle seg i lag. Vi har også felles fysiske planleggingsdagar. Vi har ein felles kvalitetsutviklingsplan og ein leseplan som strekk seg frå 1.-10. trinn.
Vi håper å sjå deg på søkjarlista!
Arbeidsoppgåver
- Skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for alle elevane både fagleg og sosialt
- Planleggje, gjennomføre og vurdere variert, praktisk og framtidsretta opplæring av høg kvalitet (LK20)
- Planleggje og gjennomføre undervisning tilpassa den einskilde elev sitt behov
- Aktiv deltaking i det profesjonelle læringsfellesskapet og utviklingsarbeid
- Analysere og følgje opp elevane si læring
- Fokus på undervegsvurdering
- Delta i og bidra til lærande fellesskap og lærarteam på skulen og i Osterøyskulen
- Kommunisere og samarbeide godt med føresette, elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Skulane våre har eit fellesskap og skal saman lose elevane våre trygt og godt gjennom opplæringa.
- Som tilsett i Osterøy kommune vert du ein del av eit stort, omsorgsfullt og kunnskapsrikt fellesskap i Osterøyskulen!
- Osterøyskulen er kjenneteikna av god delingskultur på skulen og mellom skulane, med fokus på skuleutvikling, profesjonsfellesskap og gode samarbeid.
- Som lærar på Osterøy får du god støtte både internt og eksternt, i samarbeid med kollegaer, skuleleiinga, kommunale støttesystem og skuleeigar.
- Som lærar ved Osterøyskulen vil du bli ein del av eit positivt, godt og kunnskapsrikt arbeidsmiljø, med rause kollegaer og omsorgsfulle leiarar.
Kvalifikasjonskrav
For å kvalifisere til stillingane må du ha ei av følgjande utdanningar:
- Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn
- Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn
- Allmennlærarutdanning
Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning og minst 60 studiepoeng vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet
For skuleåret 2026-2027 treng Valestrand skule lærar som har 30 studiepoeng med teiknspråkkompetanse.
I tillegg til grunnskulelærarkompetanse, ønskjer vi spesielt at lærarar med følgjande kompetanse søkjer:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Naturfag
- Forsterka norsk
- Praktisk estetiske fag
- Spesialpedagogisk kompetanse
Rett formell kompetanse kombinert med personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stilling i skulen.
Kven er du?
- Du har elevsyn i tråd med overordna del i LK-20
- Du er nysgjerrig
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
- Du tar initiativ til nye arbeidsmetodar
- Du er strukturert og nøyaktig
- Du er ein relasjonsbyggjar både med elevar, føresette og kollegaer
- Du kommuniserar godt med alle samarbeidspartar
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
FerdigheterAI-generert
- Matematikk
- Naturvitenskap
- Norsk
- Spesialpedagogikk
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454757483
- Sist endret

